STAVANGER: Legevakta er ein begrensa ressurs som kun skal gjera vurderinger av akutte tilfelle, og som ikkje kan venta til fastlegekontoret opnar dagen etter. Fastlegen kjenner barnet, familien og sjukehistorien best, difor er det best å kontakte fastlegekontoret, skriv Stavanger kommune på sine nettsider.

– Legevakta må prioritere akutt alvorleg sjukdom. Bruk fastlegen på dagtid i kvardagen i størst mulig grad. Foreldre må sjølv vurdere om barnets allmenntilstand er slik at dei kan vente med å kontakte legen sin dagen etter, seier lege Tom Ole Dalsrud, som jobbar på legevakten.

Når kontaktes legevakta?

Utanfor fastlegen sine opningstider må ein sjølv vurdere når det er behov for legevakt, men Dalsrud har nokre råd for å gjera vurderinga enklare, står det vidare i pressemeldinga.

Du bør kontakte legen viss du er bekymra for barnets allmenntilstand, eller for at barnet er blitt alvorleg sjuk.

Legevakta skal kontaktes viss barnet har akutt luftvegssjukdom ettermiddag, kveld eller natt. Då er det viktig å først ringe legevaktsentralen på telefon 116 117, og ikkje berre møte opp på legevakta, understreker legen.

Dette er viktig av to grunner. For det første: Legevakta kan gje avklarande informasjon og råd, slik at det kanskje ikkje er naudsynt med legekonsultasjon. For det andre: Du vil få informasjon om kor de skal møte opp, for å unngå å smitte andre pasienter.

Påverka immunitet

Det er fleire virussjukdommer som "går rundt" no for tida, står det vidare i pressemeldinga.

– Mange ulike virussjukdommer som gir luftvegsinfeksjoner. Smitteverntiltaka sist vinter medførte få vanlege luftvegssjukdommer, noko som har påvirka immuniteten i befolkninga. Det gjer at særleg barn og eldre i år er meir mottakelege for ulike luftvegsinfeksjoner, seier legevaktlegen.

Sjukdommane kan arte seg forskjellig, med forskjellige symptom.

– Folk får ulike symptom som tett/rennande nase, irritasjon/smerter i halsen, hoste og feber. Dei fleste opplever det som ein vanleg forkjølelse som går over av seg sjølv, utan bruk av medisiner. Andre klarer seg med febernedsettande og nesedråper. Samtidig vil nokre som blir meir sjuke trenge legevurdering.

– Kva skal foreldre gjøre når barna er syke?

– Gi barna omsorg og nok å drikke. Ved luftvegsinfeksjoner er det viktigaste at barna får i seg drikke. Barn med feber kan vera uvillige til å ta til seg drikke. Då kan febernedsettande bidra til at barnet drikker betre og meir. Barn som er sjuke skal haldas heime frå barnehage og skule til dei er i betring, og har testa negativt for covid-19.

Kva du kan gjera:

  • Gi barnet rikeleg med drikke (senkjer temperatur, lindrer hoste, kan løyse slim)

  • La barnet vera lett påkledd ved feber. Blir då kvitt overflødig varme. Ein dusj saman med foreldre og avkjøling ved å ikkje tørke barnet er ein effektiv måte å få ned temperaturen på.

  • Gi nasespray ved tett/rennende nese (saltvann, eventuelt slimhinneavsvellande)

  • ld barnet hime frå barnehage/skule, og ver heime til barnet er i betring og har testa negativt for Covid-19

  • Febernedsettande medisin som Paracet/Ibux kan brukes dersom barnet har smerter eller ikkje drikker. Febernedsettande gjer ikkje barnet fortare frisk.

  • Ved hoste/luftvegsplager: Forsøk å la barnet ligge med heva overkropp om natta.

  • Ved pustebesvær: Opptre roleg og trøst barnet. Viss falsk krupp/astma: La barnet sove i et kjøleg soverom, ta gjerne barnet ut i kald frisk luft ved anfall.

  • Ver spesielt merksam på utslett i form av bloduttredelser, små rødfiolette prikker som ikkje blir borte når du presser sida av eit kjøkkenglas mot huden

  • Slike utslett, eventuelt saman med sløvhet, oppkast og nakkestivhet kan vera tegn på alvorleg sykdom. Kontakt lege straks.