Oddfrid Nygård Nedrebø kan nå tilby sykkelutleige frå butikken på Helgøysund. I bakgrunnen Thomas Stornes frå sykkelverkstaden "Paahjul".|Dag Gjertsen hentar ut syklane som nå skal leigast ut til sommarturistar.|

HELGØYSUND: Ut frå den knalloransje bilen til bymisjonens selskap "Paahjul" blir det henta fram seks syklar av merket "Merida". Nå skal dei leigast ut til sommarturistar som gjestar marinaen i Helgøysund, eller andre som har lyst på ein  sykkeltur for å oppdaga øyparadiset.,

Dag Gjertsen hentar ut syklane som nå skal leigast ut til sommarturistar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me har hatt mange som har spurt om å få leiga syklar, seier Oddfrid Nygård Nedrebø, innehavar av Jokler Helgøysund til Øyposten.

-Nå blir dette eit tilbud me kan yta, slik at folk verkeleg kan sjå kor fint det er her, seier ho.

Det kostar 200 kroner å leiga ein sykkel foir ein dag, og inntektene går til Kirkens Bymisjon.

-Det første avtale me gjer av denne type. Me har sykkelutleige i Stavanger og har også leigd ut syklar til spesielle arrangement, men aldri før gjort ein avtale som dette. Me begynner med seks syklar, så få me sjå korleis dette går. Viss behovet blir større kan me bidra med fleire, seier Thomas Stornes, daglig leiar i "Paahjul".

Det var meininga at tilbudet skulle vera oppe og stå alt frå påsken, men på grunn av litt forseinking blei det nå. Syklane skal stå i Helgøysund heile sommarsesongen.

Sykkelverkstaden "Paahjul" driv med arbeidstrening for tidlegare rusmisbrukarar, for å gi dei ein meiningsfull kvardag og føra dei tilbake i samfunnet igjen.

-Dette er veldig artig, Sjernarøyane må vera ein fantastisk stad å sjå frå sykkelsetet, meiner Thomas Stornes.