Elevane ifrå Finnøy gjorde det bra under finalen Ryfylkequizen i fjor, og enda på ein sterk 4. plass. F.v: Benjamin Eggebø, Sanne Lyse og Adele Moltu. Ordførar Dagny Sunnanå Hausken sat i salen og heia elevane fram. Foto: Arkiv.

FINNØY:

Ryfylkealliansen har sidan 2016 arrangert kappestrid mellom 8. klassingane i Ryfylke om kven som veit mest om Ryfylkeregionen. Her får dei spørsmål om blant anna geografi, kultur, politikk og lokalhistorie. Alle 8.klassane blir testa først på kvar sin skule, og deretter i ryfylkefinalen der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.,

Skulefinalen på Finnøy skal vera i kulturstova, og startar klokka 1215.

Vinnaren vert kåra i del to som startar litt seinare.

Før skulequizen får deltakarane utdelt eit pensum med fakta om Ryfylke.

I fjor var det elevane frå Hjelmeland stakk av med seieren i Ryfylkequizen.