(Arkivfoto): Kaien slik den såg ut då problemene starta, juli 2021.||(Arkivfoto): Fastbuande Johanne Brendehaug og Johnny Olav Nielsen i juli 2021, etter at kaien blei øydelagd.

BRIMSE:

Ein velfungerande kai er ekstremt viktig, både for fastbuande og hyttebuarar, fortel leiar for Brimse vel, Johanne Brendehaug.,

– Me har full forståelse for at dette er ein stor reparasjon, og at det tar tid å planlegge. Men me byrjar å bli veldig utålmodige nå. Eg synest det burde kome i gang på vårparten. Den beste tida å rehabilitere slik er jo rundt vår/sommar, så det er viktig at dei kjem i gang tidligast mogleg, seier ho til Øyposten.

https://www.oyposten.no/2021/08/09/vil-bruka-ein-halv-million-pa-brimse-kaien/

– Vil ta litt tid

Det er Rogaland fylkeskommune som har ansvar for vedlikehald av kaien på Brimse.

Byggeleder for kai-vedlikehald, Håkon Odland i avdelinga for drift og vedlikehald Sør-Rogaland, opplyser at det kan ta litt tid før noko skjer.

I ein e-post til vel-leiaren i førre veke, forsikrer han vidare om at det jobbes godt med saka:

«Prosjekteringa pågår for fullt med stor prioritet, og me nærmer oss ei løysing, men det vil ta litt tid fortsatt. Før prosjekteringen er ferdig så kan eg dessverre ikkje sei noko konkret om oppstartsdato», skriv Odland.

Vel-leiar Brendehaug understreker at ho synest instansene har vore veldig behjelpelige undervegs, og meiner uansett det er bra med dei tiltaka som har blitt gjort i mellomtida.

(Arkivfoto): Fastbuande Johanne Brendehaug og Johnny Olav Nielsen i juli 2021, etter at kaien blei øydelagd. Foto: FOTO: Jone Bergøy Nedrebø

Viktig tilbod

,Ryfylkeferja kan i dag, naturleg nok, ikkje legge til kaien på grunn av desse skadene.,– Det er sjølvsagd eit stort savn sidan den gjekk til Brimse kvar dag og kunne frakte både biler, folk og gods. I staden har det blitt sett opp transport av gods kvar onsdag. Denne båten kan ikkje frakte personar, men dekker noko av behovet for frakt av utstyr, f

ô

r til dyr, og anna godstrafikk. Det er sjølvsagd bra me har fått det alternativet, men me ser fram til at kaien er ordna, og me kan få tilbake Ryfylkeferja.,

Men når det gjeld den øydelagde kaien håper og trur øybuarane at det snart vil ordne seg.

– Det er ganske viktig at me i alle fall har hurtigbåttilbodet. Me er veldig avhengig av det nå, for å komma oss til byen og pendle. Ved dårleg vêr er det vanskeleg, også for hurtiggbåten, å koma til, men det går stort sett greit, seier Brendehaug.

– Men eg må gje honnør til Kolumbus, Norled og Rødne, som har vore veldig positive til å hjelpe oppi dette. Nå kan berre nordre del av kaien brukes, og der er det også mindre slingringsmonn. Men dei er flinke folk, og gjer sitt ytterste for å få dette til, understreker Brendehaug.

https://www.oyposten.no/2021/07/21/kaien-pa-brimse-har-overlevd-i-over-50-ar-helt-til-sondag/