81-åring gjer seg klar til nok ein fisketur til Lofoten

Ivar Stang (81) frå Finnøy gler seg til nok ein sesong på Lofotfiske. Så snart véret blir lageleg set han og sonen Kristian kursen nordover.

-Slik ser det ut i Henningsvær, fullt av båtar. Me er som ein stor søskenflokk, seier Ivar Stang.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Foreløpig ligg dei og ventar på at meteorologen skal plassera ein stor H for høytrykk utanfor norskekysten.

-Då vil me fylgja høgtrykket nordover, seier Kristian Stang.

Men så langt har det bare vore L’ar på vérkartet. Nyleg fauk eit tak av ein skule på nordvestlandet, og i Lofoten har det vore over orkan styrke i kasta. Difor ligg dei trygt og godt fortøyd ved naustet i Steinnesvåg på Finnøy.

Ivar Stang viser Øyposten eit blad med bilete frå Henningsvær i Lofoten. Det er dit dei skal, og i havna er det tjukt av båtar som er der for å delta i fiskeeventyret.

-Ein gong me var der talde eg 75 båtar, men då skodda letta var det mest ikkje tal på dei, seier Kristian Stang med eit smil.

Fjerde sesongen

Det er fjerde sesongen han og Kristian er på Lofotfiske. Dei har ein kvote på 15 tonn, og synes det er god butikk.

-I fjor betalte dei 38 kroner kiloen for torsken, men i år snakkar dei om at det blir meir, opplyser Kristian.

Ivar Stang synes han er heldig som får vera med på Lofotfisket.

-Når me passerer øya Landegode nord for Bodø og ser den krittkvite Lofotveggen bada i sol er det bare heilt fantastisk. For ei naturoppleving, tenk at eg skulle få vera med på dette etter alle dei åra eg har vore fiskar, seier han.

Ivar og Kristian Stang har montert ny garnhalar ombord i sjarken, og er klar for lofotfiske.

Ivar Stang har vore på helsesjekk hos doktoren, og han ynskte han god reise nordover.

-Hjarta slår heilt fint, fekk eg også beskjed om, seier Ivar Stang.

Bagasjen er klappa og klar med dyne, pute og klesskift.

-Det er utruleg kjekke folk der nord. I butikken ynskjer dei oss hjarteleg velkomne, og det er ikkje ein som ser skeivt på oss fordi om me kjem sørfrå. Det skuldast sikkert at det er fisk nok. Me blir som ein stor søskenflokk, seier Ivar.

Hus og bygder langs heile kysten

Planen er å gå nordover med den 35-fot store sjarken i eit renne. Dei held fylgje med båten til Bernhard og Kjell Idsø både opp og ned, og under fiske jobbar dei fire også i saman.

Det er planlagt stopp for bunkring på Måløy eller Ålesund, pluss Sandnessjøen. Turen er berekna til å ta fire dagar, viss véret held, og då kviler dei og søv på skift.

Ivar Stang synes det er ei oppleving å reisa nordover.

-Når me har passert Sletta nord for Haugesund er det stort sett innaskjers heilt opp til Stadtlandet. Det er hus og bygder heile vegen nordover, det er kjekt å sjå, seier han.

Fersk lofotskrei på menyen

Kokkeleringa er det Ivar Stang som står føre, og på menyen står, ikkje uventa, fersk skrei og lever og rogn. Det er festmat, tykkjer både Ivar og Kristian.

-Det hender også me får ein del småkveiter i garna. Det er snaddermat, men dei må hengja eit døgn. Elles ramlar dei heilt frå kvarandre og blir bare sopihop, seier Ivar Stang.

Og når praten går om alt det gode frå sjøen, blir Øyposten sin reportar så svolten, alt han må seia takk for seg.