Øyposten har så vidt skrive om politihundane tidlegare. Trygg og narkotikahunden Chanel var på Talgje og viste fram kunstane sine i høve Talgjefesten i november 2023. Den gongen var det med eit filmteam på slep.

– Filmfolka følgde oss i om lag eit halvt år, fortel matfar og politi Roy Henning Aanestad til Øyposten:

– Det var litt rart i starten, men etter kvart gjekk det veldig naturleg.

Det er hundane som har hovudrollene i serien, men eigarane er viktige i politihundane sine liv. Det er dei som trenar hundane og som bur saman med dei i kvardagen. Derfor får me også eit lite innblikk i hundepolitiet sine liv.

Aanestad fortel at Trygg fyller 8 år på sjølvaste 17. mai, og at han har hatt schæferhunden sidan han blei mentaltesta som 1-åring.

– Alle hundar som skal bli godkjende som politihund, må bestå ein mentaltest, for dei skal trass alt gjere ein jobb for politiet.

Formålet med mentaltesten er å velje ut individ som er eigna til vidare trening for teneste i politiet. Hunden må vere trygg og sosial, ha god leikelyst og kunne arbeide i mange forskjellige miljø. Hunden kan heller ikkje vere skvetten.

– I sør-vest politidistrikt er det for det meste schæferhundar me nyttar, men også belgisk fårehund kan vere veleigna som politihund. Det er mentaltesten som avgjer om hunden kan nyttast til formålet, seier Aanestad:

– Når mentaltesten til Trygg var bestått, var det trening i 9–10 månadar før han var klar som politihund.

Men Trygg er ikkje alltid på jobb. Sjølv om Roy Henning og Trygg trenar mykje, brukar dei også ein del tid på å leike.

– Når han har fri, elskar han å springe rundt og bere på store pinnar, ler Aanestad.

Serien Politihundane kan du sjå på TVNorge eller streame på Discovery+.