Sokneråda i Rennesøy ønskjer eitt kyrkjesokn

Rennesøy sokneråd og Mosterøy sokneråd har søkt bispedømerådet om å få slå saman dei to sokna Rennesøy sokn og Mosterøy sokn til eitt felles sokn.

Omlegginga av sokna vil ikkje endra kyrkjelivet i Rennesøy.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

RENNESØY: Dersom Stavanger bispedømeråd gir grønt lys til samanslåing, vil det nye samanslåtte soknet vera gjeldande frå 2024.

Dei to sokna har sidan kyrkjevalet i 2019 hatt eit prøveprosjekt med felles sokneråd. Det er gjennomført ei positiv evaluering i rådet om prøveordninga så langt. Det er og oppretta eit utval for samanslåinga som har jobba med prosessen om eitt sokn.

Utvalet er einige i at namnet på det nye soknet skal heita Rennesøy sokn. Dei får 1 representant inn i Fellesrådet.

– Kva tenker du om samanslåinga?

Forenkling

– Ønskje om samanslåing er eit resultat av korleis arbeidet i sokna har vore dei siste åra. Hovudargumentet for samanslåing er forenkling og effektivisering, noko som inneber at kyrkja satsar stort på frivillig innsats på den eine sida, og forenkling av administrasjonen på den andre. All den tid sokna har felles sokneråd som har fungert bra, tenker eg dette er eit naturleg steg vidare, seier dagleg leiar i Rennesøy og Mosterøy menigheter, Jørn Gabrielsen til Øyposten.

Soknerådet vil fortsetta å utvikla og bygga vidare på arbeidet og samarbeidet som til no har blitt gjennomført i dei noveranda sokna. Alle dei tilsette er samlokalisert og konfirmantarbeidet og trusopplæringa er felles, dei har og felles utval og felles gudstenester. Målføra skal vidareførast som no, der tidlegare Rennesøy sokn held fram med nynorsk og tidlegare Mosterøy sokn vidarefører bokmål.

Administrativ sak

– Kva vil de oppnå med samanslåinga?

– Fyrst og fremst frigjering av økonomiske og menneskelege ressursar. Det blir ein enklare administrasjon og enklare saksbehandling. Krefter som no er bunde opp i kyrkjelydsråd vil kunne frigjerast og brukast til andre ting. Samanslåinga vil ikkje få konsekvensar for gudstenesteordninga, den vil halda fram akkurat som no. Dette er meir ein admistrativ sak, som den vanlege kyrkjegjengaren ikkje vil merka noko til, seier Jørn Garbrielsen.

Dette har vore gangen i prosessen.

  • Uttale frå prost i tungenes prosti i november
  • Behandling i soknerådet i november
  • Uttale i kyrkjelydsmøte i Askje kyrkje i desember
  • Uttale i kyrkjelydsmøte i Hausken kyrkje i desember
  • Behandling i Stavanger kyrkelige fellesråd i desember
  • Oversendt bispedømerådet i desember.