Ingvild blir fyrste diakon i Finnøy
Ingvild Angelsgård Moen er særs sprek og ser føre seg å bruka naturen aktivt i sin nye jobb som diakon i Finnøy.
FINNØY: Det tok diakoniutvalet fem år med målretta jobbing for å få på plass ein diakon i 100 prosent stilling i Finnøy. At denne kommunedelen skulle få ein eigen diakon sat langt inne.
16. juni i år vedtok Stavanger kirkelege Fellesråd å oppretta ein ny 100 prosent diakonstilling i Hesby, Talgje og Sjernarøy sokn.
Vel eit halvt år seinare har Ingvild Angelskår Moen takka ja til den «historiske» stillinga, og startar opp arbeidet 1. januar neste år.
Grunngjevinga for vedtaket var eit auka behov for kyrkjeleg diakonal innsats i kommunedelen.
Blanke ark
-Fyrst av alt må eg sei eg kjenner meg heldig som får gå inn i ein heilt ny stilling som ingen i Finnøy før har hatt. På den måten får eg vera med å utforma forma arbeidsdagen innanfor dei føringane som stillinga er underlagt. Det er både spennande og litt skremmande å tenkja på, smiler Ingvild.
Ingvild er adjunkt og kjem ifrå Alver kommune nord for Bergen. Etter ho møtte mannen sin på høgskulen for lærarutdanning i Bergen, flytta dei til Finnøy. Her har dei fått fire born som er i alderen 9 – 17 år.
Det meste av arbeidslivet har Ingvild jobba i skule – og oppvekst, fleire stader i kommunedelen og i barnehageadmistrasjonen i kommunen. Neste haust er planen at ho sjølv set seg på skulebenken og skal ta ein mastergrad i diakoni på VID i Oslo. Der skal ho blant anna læra om diakonivitskap, leiing og sjelesorg. Studiet er på deltid og går over fire år.
– Det begynner bli ei stund sidan sist, men eg har alltid likt å studera, så eg gler meg til å ta fatt igjen. Kanskje blir det knallhardt? Det blir uansett kjekt å treffa medstudentar på samlingane i Oslo og å ha litt eigentid.
Medvandrar
På fritida har Ingvild vore aktiv med i søndagsskulen i mange år, og har blant anna jobba med trusopplæring. Men ho er også ein aktiv mosjonist og har for lengst oppdaga gleda ved å vera i fysisk aktivitet. Kvar veke legg ho kilometervis bak seg i Finnøys turområde Teigen, både åleine og saman med veninnegjengen, og mannen. For tida førebur ho seg på sin andre halvmaraton som går av stabelen på Sola i januar neste år.
– Eg går like mykje tur som eg spring. Jo eldre eg blir jo meir sans har eg fått for å vera ute i naturen. Eg treng ikkje alltid selskap av andre. Av og til er det godt å gå heilt åleine og bruke tida på tankearbeid. Det er ingen stader som er så gode til slikt arbeid som naturen.
Naturen verkar positivt på oss, difor ser eg føre meg at denne staden fort kan bli eit supplement til «kontoret» mitt, seier Ingvild og slår ut med armane.
Ho held fram: -I naturen er det ingenting som trykker ein ned, grunnen er nøytral og den friske lufta reinskar tankane. Og med litt kaffi på termosen i tillegg, trur eg du har det beste utgangspunktet for gode samtalar, anten det gjeld utfordringar knyta til liv og tru, familie, økonomi, arbeidsliv ja, kva som helst. Eg vil bokstavleg talt vera ein medvandrer for dei som treng.
Diakoni i «alt»
– Er det område i diakonien du ser føre deg som spesielt viktige?
– Eg tenker at diakonien ikkje bør avgrensast til visse område. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste frå vogge til grav, og er eit bindeledd mellom kyrkja og lokalsamfunnet.
Diakoni skal byggast gjennom nestekjærleik, fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd som er dei fire grunnpilarane i diakoniarbeidet. Med dette som utgangspunkt kan jobben i teorien innebera alt frå kvardagsleg omsorg for naboen til engasjement for klima, menneskerettar, og nedkjemping av fattigdom.
Eg trur arbeidsfeltet er uendeleg stort, og at eit slags mønster blir tydelegare etter kvart som eg får erfaring og kjenner kor skoen trykker.
På øyane i Finnøy er det alt mykje frivillig arbeid, og mange gjer mykje arbeid til gagn for andre. Som diakron kan eg vera med og oppmuntra og legga til rette for dei frivillige og gjerne vera eit bindeledd mellom frivillig og offentleg omsorg. Å sjå dei som slit, bygga fellesskap og prøva gi håp, er viktig. Alle treng å kjenna at dei høyrer til, avsluttar Ingvild Angelskår Moen.