FAU takka personalet på Finnøy skule med gratis lunsj

FAU på Finnøy skule spanderte gratis lunsj og kaker på personalet som takk for innsatsen dei gjer for elevane på skulen.

Mykje godt å velja for personalet på skulen. Marianne Ilstad, Tove Landa og Reidun Nesheim forsyner seg av den gode maten.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Lunsjen er laga på dugnad av foreldre, og det var både brød, rundstykker, salat, pasta, kaker og mykje anna godt.

– Me gjer dette for å setja pris på den innsatsen personalet på skulen gjer for barna våre, seier Vidar Skavland i FAU på skulen.

Personalet kosa seg rundt bordet pynta i påskefargar.

Ifølge Skavland er dette blitt ein tradisjon, kor foreldrene lagar til lunsj for personalet ein gong i året.

-Personale som kjem frå andre skular har aldri fått noko liknande. Inntrykket er at dei som jobbar på skulen set pris på tiltaket, legg Skavland til.

Deilig salat med pasta.

Blant dei som forsyner seg av den gode maten er lærar Anne Fuglesten.

-Det er heilt fantastisk og veldig kjekt. Maten ser også svært freistande ut, seier ho.

Også rektor Bente Tjelta er begeistra for at FAU lagar til lunsj.

– Dette er noko me set stor pris på. Me tar dette som ei anerkjenning på jobben me gjer. Og maten er veldig god, mykje snadder å velja i, seier Tjelta.

Ingrid Michelle Landa og Reidun Bråtveit var blant dei som laga til måltidet for personalet. Anne Fuglesten synes det er eit flott tiltak.