STAVANGER: Formannskapet i Stavanger er krystallklare på at dersom luftlinjer skal utgreiast, så skal jordkabel utgreiast i same trase. Men, formannskapet har som utgangspunkt at luftlinjer over Finnøy og Rennesøy ikkje skal utgreiast vidare.

Formannskapet støttar også uttalen frå Rennesøy kommunedelsutval om at «Det er avgjerande å få kabel lagt i bakken for å imøtekoma innbyggarane i Stavanger kommune», samt at kommunen må gå i dialog om det praktiske og økonomiske grunnlaget for å få dette til.

Uttalen blir nå sendt til NVE, som skal avgjera saka. Der heiter det vidare at jordkabel langs Hanasandveien bør vurderast i kombinasjon med gang- og sykkelveg, eller eventuelt sjøkabel frå Finnøy fram til Nordbøvika på Rennesøy. Formannskapet vil også at det skal utgreiast jordkabel fram til Nådå, via Kvame og vestover. Formannskapet vil også ha vurdert alternativ plassering for trafostasjon på Judaberg.

Kan få unnatak

Leif Arne Moi Nilsen (frp). Foto: Arkiv

Aps gruppeleiar Dag Mossige sa under debatten at det er blitt større forståelse for verdien av kulturlandskap, og at det kan vera ein mulighet for at øyane kan falla inn under bestemmelsen for unnatak frå luftlinjer.

-Det er umissande verdiar som står på spel, som det ikkje vil vera mulig å reversera, sa Mossige mellom anna.

Han la også til at det var «prematurt» å snakka om at Stavanger kommune skal betala for å få kabelen i bakken.

– Me set oss i ein dårleg forhandlingsposisjon i forhold til staten viss me antydar at me kan betala 100–150 millionar kroner for å få gravd ned kabelen. Dette er staten sitt ansvar, meinte Mossige, som også var bekymra for om det dette skulle bli eit tema i valkampen.

Betre med litt kabel enn null kabel

Frode Myrhol (fp). Foto: Arkiv

Leif Arne Moi Nilsen (frp) var ikkje enig.

-Me treng ikkje senda inn dette viss me ikkje peikar på korleis kabelen skal finasierast, meinte han, og la fram forslag om at «merkostnadene finansieres via mindre utbytte fra Lyse As i et 40 års perspektiv, etter modell fra Klepp kommune». Forslaget fekk bare Frp si støtte.

Formannskapet avviste også eit forslag frå Frode Myrhol, (Folkets Parti) om ei kombinasjonsløysing med jordkabel fram til Nådå via Kvame og luftlinjer vidare vestover.

– Viss halvparten blir jordkabel, er det betre enn at heile strekket blir luftspenn, argumenterte Myrhol.