Advokat Erling Ueland i Advokatfirmaet Schjødt er mistenkt for å ha tilbode ein million kroner til toppsjefen i eit investeringsfirma for å få advokatoppdrag for firmaet, skriver Dagens Næringsliv.

Økokrim la tysdag 13. juni ut denne meldinga:

«Økokrim har besluttet å åpne etterforsking mot en advokat i Advokatfirmaet Schjødt.»

Advokatfirmaet Schjødt skriver i ei pressemelding til Dagens Næringsliv at firmaet etter ei grundig intern vurdering har konkludert klart med at Erling Ueland ikkje har gjort noko gale.

Ueland har i samråd med arbeidsgivaren tatt ut permisjon for å bistå etterforskinga, går det fram.

Ueland bur på Ombo og jobbar på Stavanger-kontoret til det skandinaviske Advokatfirmaet Schjødt. Ueland har gjennom mange år figurert høgt på skattelistene. Lokalt er advokaten kjent for å ha bygd eit uvanleg staseleg hus med 45 rom heime på Ombo.