Budsjettet: Utviding av gravplassar og reparasjon av kaiar

Kommunedirektøren foreslår pengar til utviding av gravplassane på Talgje og Askje, og legging av vannledning frå Talgje til Nærland på Finnøy.

Gravplassen på Talgje må utvidast.
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Handlings- og økonomiplanen inneheld ikkje så mange nyheter for kommunedelane Finnøy og Rennesøy spesielt.

Her er nokre av hovedpunkta:

Forberedelse til utviding av gravplassen på Talgje, inklusiv grunnundersøkingar: 2,5 millionar kroner.

Også gravplassen på Askje må utvidast, og her er kostnadsramma 11,25 millionar. Neste år er det sett av vel tre millionar kroner til formålet.

Tilstanden på mange kaiar og bruer er såpass dårleg, at ein ny rapport foreslå både stenging og riving. Her foreslår kommunedirektøren 10 millionar kroner årleg framover til rehabilitering.

Ryfylke Friluftsråd er tilgodesett med 2,5 millionar kroner til innkjøp av ny båt og oppfiksing av den eksisterande.

Det er sett av 21 millionar kroner til vatn i Fin nøy, og det største prosjhektet her er ny vannledning mellom Talgje og Nærland på Finnøy.

Det er også sett av åtte millionar kroner til gang og sykkelveg på Åmøy neste år, og pengar til rehabilitering av Sørbø og Hesby kyrkjer.