Her på Finnøy innbyggartorg blir det temakafé på tysdag. Foto: Arkiv

Det blir besøk av Kristin Hegdahl frå Brystkreftforeningen og Egil Stangeland frå Prostatakreftforeningen. Det vil bli enkel servering av kaffi, og sjølvsagt tid til drøs.

Egil Stangeland vil fortelje litt om PROFO sitt arbeid, kva prostatakreft eigentleg er og kor viktig det er at det blir oppdaga tidleg. Han vil også fortelje litt om sin eigen historie om å ha prostatakreft.

Ein av hans måter å håndtere det å bli ramma av prostatakreft har vore å skrive, og sette ord på følelser og tanker. Nokre av desse dikta vil han dele på dette møtet.

Kristin Hegdahl vil fortelje om brystkreftforeningen sitt arbeid, tidleg diagnosering og litt om behandling av brystkreft.

Arrangørar av kaféen er Helselaget saman med Finnøy frivilligsentral og innbyggartorg.

Denne veka er det også tid for kreftforeningens innsamlingsaksjon, og det blir derfor samla inn pengar ved å ta inngangsbillettar på 100 kr.

Kreftforeningens innsamlingsaksjon (tidlegare Krafttak mot kreft) er ei landsomfattande innsamling, og den nest største i Norge etter TV-aksjonen. Sidan 2006 er det samla inn over 470 millionar kroner til forsking på kreft.

Pengane frå årets aksjon går til forsking slik at alle kreftpasientar som kan ha nytte av det, får tilbod om ei gentest tidlegare i forløpet, og den beste behandlinga basert på resultata.

I løpet av veka vil du kanskje få besøk av pengeinnsamlarar – denne gongen utan bøsse. Dei vil ha med seg ein QR-kode og vippsnummer du kan nytte for å støtte aksjonen digitalt. Årets innsamlarar vil ikkje ta i mot kontanter.