I ein SMS som fleire personar i politidistriktet har teke imot, står det at mottakar av meldingar er blitt stemna, og at dokumentet kan hentast på vedlagt nettside.

Linken går direkte til BankID.

– Dette er svindel, ikkje trykk på linken, skriv politiet på X.

denne nettsida kan du lese politiet sine generelle råd om korleis ein kan unngå å bli svindla.

Politiet har også ved andre høve blitt utsett for svindlarar som gir seg ut for å vere dei. Nokre av dei via telefonsamtale.

Telefonen kjem frå eit tilsynelatande norsk telefonnummer som startar på +47. Den som ringer utgir seg for å være frå politiet, og seier kanskje at det er oppdaga mistenkeleg aktivitet med ditt pass eller ID-kort, og ber deg om å taste 1 for å gå vidare.

– Dette er også eit svindelforsøk, skriv politiet på nettsida si, og ber folk om å avslutte samtalen viss dei skulle oppleve dette.