Dei står langt nede på lista men kan vel hamne i kommunestyret
Medan Senterpartiet slit på meiningsmålingane finnast det fleire øybuarar enn ein skulle tru òg på andre lister.
I papiravisa denne veka hadde Øyposten ein oversikt over kandidatar frå Finnøy og Rennesøy som står på val for dei ulike partia til kommunevalet i Stavanger. Oversikta omfatta berre øvre del av listene, som gjorde at fleire gode øykandidatar hamna under radaren.
Spesielt partiet Høgre kom uheldig ut. Dette partiet har laga ei liste der det først kjem åtte kandidatar med stemmetillegg, som står med feit skrift øvst på stemmesetelen, før resten av kandidatane er sortert etter forbokstaven i etternamnet. Så når Carina Torp Ørnes frå Finnøy står på plass nummer 69, er det ikkje fordi ho ønskjer å stå langt nede på lista, men fordi ho heiter Ørnes.
Dei to store
Etter Norstats ferske meiningsmåling vil Høgre kome inn med 20 representantar i kommunestyret, som betyr at det vil kome inn mange fleire enn dei 8 som har stemmetillegg. Kven som kjem inn er det veljarane som avgjer gjennom kven dei gir personstemmer. Høgre har til saman seks kandidatar frå Finnøy og Rennesøy.
Arbeidarpartiet vil etter meiningsmålinga kome inn med 22 representantar. Det partiet har berre to kandidatar med stemmetillegg; ordførar Kari Nessa Nordtun og gruppeleiar Dag Mossige. Resten av kandidatane er ikkje sortert alfabetisk. Arbeidarpartiet har fire kandidatar frå Finnøy og Rennesøy på lista, etter det me kan sjå.
Elles noterer me at to av tre politikarar frå øyane som står på val til årets kommuneval tilhøyrer anten Senterpartiet eller Kristeleg Folkeparti. Etter Norstats meiningsmåling vil KrF kome inn med tre representantar og Senterpartiet med null.
Studer listene
Sidan personstemmer er så viktige i eit lokalval, kan me berre oppmode folk om å studere vallistene i god tid før ein går inn i vallokalet. Husk at du kan gi personstemme til inntil 16 kandidatar frå andre lister enn den lista du stemmer på. Alle opplysningar om valet og dei ulike listene finn du på Stavanger kommunes nettside.
Til saman 17 parti stiller til val måndag 11. september både i kommunevalet og fylkestingsvalet. Her er ein liten presentasjon av dei tolv partia Øyposten meiner har størst sjanse til å bli vald inn i det nye kommunestyret for Stavanger:
Senterpartiet (Sp)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune: | 4,8 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy: | 29,5 prosent |
Toppkandidat
1. Dagny Sunnanå Hausken, f. 1963, Rennesøy
Andre kandidatar frå øyane
3. Birger Wikre Hetland, f. 1982, Finnøy
4. Lisa Medhus Breiland, f. 1975, Finnøy
7. Terje Øvrebø, f. 1978, Rennesøy
9. Mari Medhus Breiland, f. 2001, Finnøy
10. Anett Haugvaldstad, f. 1974, Rennesøy
11. Halvard Bøe, f. 1998, Finnøy
13. Kai Petter Flesjå, f. 1976, Finnøy
16. Sven Harald Bryne, f. 1969, Finnøy
19. Siv Ragnhild Bjerga, f. 1968, Finnøy
21. Olav Dysjaland, f. 1959, Rennesøy
23. Hilde Eide, f. 1992, Finnøy
24. Per Jakob Eike, f. 1969, Finnøy
25. Ivar Finnesand, f. 1959, Rennesøy
26. Renathe Flesjå Ekehaug, f. 1995, Finnøy
29. Johne Egil Halsne, f. 1961, Finnøy
30. Erlend Harestad, f. 1989, Rennesøy
31. Bjørn Helge Havn, f. 1964, Finnøy
32. Nils Magnus Heggland, f. 1955, Rennesøy
33. Kari Hidle, f. 1964, Finnøy
35. Terjer Hidle, f. 1965, Finnøy
37. Dorrit Vignes, f. 1984, Finnøy
40. Magne Halvorsen Jørgensen, f. 1946, Rennesøy
42. Henning Larsen, f. 1967, Rennesøy
45. Siv Meling, f. 1973, Rennesøy
46. Jon Ordin Mjølsnes, f. 1979, Finnøy
48. Bjarte Njå, f. 1989, Rennesøy
52. Petter Nærland, f. 1986, Finnøy
54. Reidar Roda, f. 1963, Finnøy
56. Alis Rørtveit, f. 1972, Finnøy
58. Eirik Sokn, f. 1968, Rennesøy
59. Trygve Spanne, f. 1976, Finnøy
62. Oddgeir Vestersjø, f. 1957, Finnøy
63. Helge Våge, f. 1965, Rennesøy
64. Øydis Helene Westersjø, f. 1963, Rennesøy
66. Tine Øvrebø, f. 1982, Rennesøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Er oppteken av levande lokalsamfunn i heile kommunen. Vil utvikle Vikevåg og Judaberg som kommunedelssenter.
- Me vil verne matjorda og ta vare på kulturlandskapet.
- Me vil arbeide for å leggje høgspentkablar i bakken og for å realisere Øyfast.
- Me legg vekt på at me treng gode samferdsel- og kollektivløysingar for alle i heile kommunen.
Arbeidarpartiet (Ap)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 25,4 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 14,0 prosent |
Toppkandidat
1. Kari Nessa Nordtun, f. 1986, Madla
Kandidatar frå øyane
11. Tina Nådland, f. 1980, Rennesøy
13. Hanne Vasshus, f. 1983, Finnøy
40. Stian Nevøy, f. 1976, Mosterøy
48. John Kåre Søyland, f. 1956, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Under ordførar frå Arbeidarpartiet er det skapt 10.000 arbeidsplassar dei siste to åra: Me skal legge til rette for at stadig fleire arbeidsplassar kjem til Finnøy og Rennesøy, og me har hyra ein eigen bygdeutviklar.
- Me skal utvide sjukeheimen på Finnøy, auke grunnbemanninga i eldreomsorga og legge til rette for nye buformer ved Rennesøy helse- og omsorgssenter.
- Me skal arbeida for at Judaberg blir porten til Ryfylke og sørge for at Øyfast blir prioritert i regional transportplan
- For Arbeidarpartiet er det langt viktigare å styrke skulebudsjettet enn å fjerne eigedomsskatten for dei største bustadane.
Høgre (H)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 23,1 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 17,4 prosent |
Toppkandidat
1. Sissel Knutsen Hegdal, f. 1965, Madla og Kvernevik
Kandidatar frå øyane
20. Nils Petter Flesjå, f. 1974, Finnøy
30. Jan-Mikal Hanasand, f. 1950, Rennesøy
34. Berit Marie Hopland, f. 1946, Finnøy
55. Inger Lise Rettedal, f. 1975, Rennesøy
64. Helga Straum, f. 1990, Finnøy
69. Carina Torp Ørnes, f. 2002, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Sikre god infrastruktur og framkommelegheit i heile kommunedelen.
- Utvikle Vikevåg og Judaberg som kommunedelssentrum med gode og varierte tilbod.
- Leggje høgspentleidningar og straumnett i bakken.
- Få på plass sykkel- og gangstiar.
Kristeleg Folkeparti (KrF)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 4,4 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 12,6 prosent |
Toppkandidat
1. Henrik Halleland, f. 1967, Finnøy
Andre kandidatar frå øyane
10. Jostein Eiane, f. 1968, Rennesøy
14. Ola Johan Settem, f. 1981, Finnøy
15. Askild Eggebø, f. 1958, Finnøy
17. Heidi Urtegård, f. 1970, Finnøy
19. Einar Vastveit, f. 1994, Finnøy
23. Asgeir Ladstein, f. 1959, Finnøy
24. Sissel-Marie Bjerga, f. 1981, Finnøy
26. Kåre E. Ekroll, f. 1945, Finnøy
27. Ingrid Eiane Setvik, f. 1982, Finnøy
29. Torbjørn Bø, f. 1954, Rennesøy
30. Magnus Jansen Bru, f. 1957, Rennesøy
33. Rose Iren Settem, f. 1981, Finnøy
34. Erik Reilstad, f. 2004, Finnøy
36. Christoffer Inge Hovda, f. 1967, Finnøy
43. Merete Edland, f. 1976, Rennesøy
44. Åge Vårdal, f. 1957, Finnøy
45. Hild Eiane, f. 2005, Rennesøy
46. Anbjørg Sørbø Larsen, f. 1966, Rennesøy
47. Kjell Nes, f. 1949, Finnøy
48. Håvard Østhus, f. 1982, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet:
- Sørge for jordkabel og sykkelsti på heile strekket Judaberg – Reilstad, ikkje berre til Nåden slik det nå er planlagt, og at kommunen skal ta ansvaret som fylkeskommunen ikkje tar.
- Institusjonsplass lokalt i kommunedelane til alle som har rett på plass.
- Overgangsordning for skulane på øyane må vidareførast og rammene aukast.
- Jobbe fram ein plan for å stoppe nedgang i busetting på ikkje landfaste øyer; jobbe for å realisere Øyfast i nært samarbeid med øyfastgruppa, utvikle Judaberg og Vikevåg med sterke sentrumsfunksjonar og realisere badeland på Judaberg.
Framstegspartiet (Frp)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 8,9 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 11,4 prosent |
Toppkandidat
1. Leif Arne Moi Nilsen, f. 1964, Eiganes og Våland
Kandidatar frå øyane
3. Tor Bernhard Harestad, f. 1954, Rennesøy
14. Jørn Kyle Finnesand, f. 1988, Rennesøy
28. Magne Helland, f. 1948, Rennesøy
46. Marcus Egil Nerland, f. 1982, Finnøy
47. Lars Nordhus, f. 1950, Rennesøy
48. June E. Naaden, f. 1952, Finnøy
49. Ole Jan Naaden, f. 1957, Finnøy
63. Randi Westersjø-Rørheim, f. 1992, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Eigedomsskatten skal vekk.
- Bygge helsehus i Vikevåg og satse på skule, barnehagar og styrke sjukeheimane.
- Bygge gang- og sykkelvegar og jobbe for motorsportanlegg på Bru.
- Kraftkablar skal i bakken og sjøen, ikkje i monstermaster.
Sosialistisk Venstreparti (SV)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 4,8 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 2,2 prosent |
Toppkandidat
1. Eirik Faret Sakariassen, f. 1991, Gausel
Kandidatar frå øyane
10. Tor Nestande, f. 1968, Rennesøy
49. Johanne Foldøy, f. 1951, Finnøy
54. Olaug Høgetveit, f. 1960, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- SV ønskjer å utvikle kollektivtilbod i heile fylket etter modell av «Hent meg»-prosjektet i Sauda, og dessutan oppretthalde eit godt hurtigbåttilbod i Ryfylke.
- Ta vare på matjorda, og dessutan utvikle friareal på øyane og sikre allmenta tilgang til naturområde og strandsona i heile kommunen.
- Legge til rette for at eldre kan oppretthalde ein aktiv alderdom heime, og sørge for at det finst gode dagsentertilbod i alle kommunedelar.
- Gjennom gode universelle velferdsordningar, spesielt retta mot barn og barnefamiliar, bidra til å gjere den økonomiske kvardagen lettare for kommunens innbyggarar.
Miljøpartiet De Grønne (MDG)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 6,5 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 2,0 prosent |
Toppkandidat
1. Daria Maria Szymaniuk, f. 1983, Hillevåg
Kandidatar frå øyane
15. Tony Christoffer Molnar, f. 1986, Finnøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Stimulere overgangen til eit fossilfritt og mangfaldig næringsliv.
- Prøve å bevare natur- og grøntområde i alle saker.
- Styrke jordvernet og ta vare på matjorda.
- Gi lærarane større råderett over eigen arbeidskvardag.
Venstre (V)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 4,7 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 1,9 prosent |
Toppkandidat
1. Mette Vabø, f. 1982, Madla
Kandidatar frå øyane
10. Ommund Vareberg, f. 1970, Rennesøy
46. Åsmund Hjulstad, f. 1977, Rennesøy
60. Yngve Snarberg, f. 1988, Rennesøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Venstre vil jobbe for å legge ny elkabel i jord for å ta vare på naturen.
- Vil styrke barnehagane og skulane gjennom blant anna å gi lærarane betre tid til å vere med barna.
- Styrke lokaldemokratiet: Kommunedelsutvala må få reell makt og fleire oppgåver slik at meir makt flyttast nærare innbyggarane.
- Situasjonen i Rennfast-sambandet er altfor utforutsigbar, og Venstre vil fortsette å jobbe for å få på plass bergingsbil.
Folkets Parti (FP)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 9,2 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 5,1 prosent |
Toppkandidat
1. Frode Myrhol, f. 1972, Eiganes og Våland
Kandidatar frå øyane
Ingen
Fire punkt frå partiprogrammet
- Folkets Parti vil fortsette å jobbe med å redusere eigedomsskatten til den er borte.
- Me vil legge press på fylket for at Stavanger skal få fylkeskommunale midlar til vegar og gang- og sykkelvegar, som er spesielt viktig for Finnøy og Rennesøy.
- Kjempe for at gratis kollektiv blir ei permanent ordning, for å hindre at det blir innført ei rushtidsavgift igjen.
- Me har sagt ja til alle reguleringsplanar og næringslivssatsingar i Finnøy og Rennesøy denne perioden, og den haldninga tar me med oss vidare.
Rødt (R)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 5,5 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 1,9 prosent |
Toppkandidat
1. Sara Nustad Mauland, f. 1976
Kandidatar frå øyane
Ikkje oppgitt
Fire punkt frå partiprogrammet
- Ta vare på og styrke kulturtilbod i kommunedelane, som Meieriet på Rennesøy og Otto-huset på Finnøy: Det er viktig for lokalmiljøet å ha gode samlingspunkt.
- Stoppe all nedbygging av matjord for å sikre framtidig matproduksjon i regionen.
- Arbeide for lokal straumstøtteordning for landbruk og for bedrifter med lokal forankring og gi støtte til Enøk-tiltak.
- Sikre at fleire fastlegar får ein føreseieleg arbeidskvardag og sikre fastlegetilbod i alle bydelar.
Pensjonistpartiet (PP)
Kommunevalet 2019 | Andel av stemmene |
---|---|
Stavanger kommune | 1,7 prosent |
Kretsane i Finnøy og Rennesøy | 0,7 prosent |
Toppkandidat
1. Karl W. Sandvig, f. 1949
Kandidatar frå øyane
Ikkje oppgitt
Fire punkt frå partiprogrammet
- Sikre nok sjukeheimsplassar og dagsenterplassar til alle som har behov.
- Ja til å realisere Øyfast.
- Ingen moms på norskproduserte matvarer.
- Bygge fleire turstiar, sykkelstiar og lokale idrettsanlegg.
Industri- og Næringspartiet (INP)
Stifta etter valet i 2019
Toppkandidat
1. Jan Inge Selvik, f. 1961, Tasta
Kandidatar frå øyane
6. Svein Emanuelsen, f. 1951, Rennesøy
9. Kari Synnøve Ingvaldstad, f. 1953, Rennesøy
Fire punkt frå partiprogrammet
- Olje og gassindustrien i Rogaland skal effektiviserast og vidareutviklast, ikkje avviklast.
- Legge til rette for at folk kan ta bilen til og frå jobb.
- Rogaland INP vil at staten skal ta kontroll over norsk straumforsyning og sørge for billig elektrisitet.
- Er imot eigedomsskatt og vil styrke den private eigedomsretten.