– Me hadde ikkje så lange periodar med isete vegar i vinter, seier dagleg leiar Roar Roda i Roda Agri Maskin:

– Me hadde meir snø, men så kom det regn og vegane blei fort bare att. Så me bruka mindre sand enn vanleg.

Selskapet har vintervedlikehaldet på kommunale vegar i Rennesøy og Finnøy kommunedelar, og med den jobben følgjer ansvaret med å samle strøsanda inn att når våren kjem.

– På Fogn, Ombo, Sjernarøy og Halsnøy har me ansvaret for fylkesvegane òg, så det blir ein del kilometer, seier Roda:

– Me skal bli ferdige til 17. mai, og som det ser ut skal det gå akkurat.

Roda Agri Maskin har to feiebilar i sving. Onsdag møtte Øyposten den eine utanfor legesentralen og brannstasjonen på Fågjerdet. Der var det Nicolae Emanuel Mabda som sat bak rattet.

Nicolae Emanuel Mabda køyrer den eine feiebilen til Roda Agri Maskin. Foto: Sigbjørn Høidalen