Finnøy i vinterskrud, og slik held det fram
I alle fall til langt ut i neste veke.
- Oddbjørg Måland
Det er ikkje ofte landskapet i Finnøy er dekka med snø, og at den blir liggande litt over tid. . No er det berre å finna fram ski og akebrett og nyta vintervêret.
Me har snakk med statsmeteorolog Susana Reuder ved Vervarslinga på Vestlandet som lovar fint vêr framover. Dei nærmaste dagane blir det lite eller ingen nedbør, vind frå nordaustleg retning, lange periodar med sol og temperaturar som varierer frå minis 1 grad til minus 5.
– Skikkeleg vintervêr så langt du kan sjå?
– Ja, det er eigentleg det. Dagane fram til onsdag i neste veke blir stort sett like, altså vinterlege forhold.
– Kva med jula?
– Det er litt tidleg å sei enno. Prognosane så langt fram er svært usikre, difor ønskjer eg ikkje sei noko. I slutten av neste veke veit me meir og kan uttala oss meir møyaktig, opplyser Reuder.