Skartveit gjestehavn har klart det - igjen
I går blei det klart at gjestehamna på Skartveit gjekk av med sigeren i Båtmagasinet si årlege kåring av landets beste gjestehamn.
- Oddbjørg Måland
«Costa del Skartveit» gjekk seirande ut av konkurransen med 37 prosent av stemmene. Det er tydeleg at kåringa engasjerer for nærare 3000 stemmer blei registrert.
Det var sju finalistar som kjempa om topp-plasseringa.
Topp motivasjon
Gjestehamna på Halsnøy har vore med i kåringa fleire gonger tidlegare. I 2014 gjekk dei heilt til topps i konkurransen og kunne smykka seg med den gjeve tittelen Noregs beste båthamn. I fjor var dei nominert, men nådde ikkje heilt til topps. I 2021 enda dei på ein sterk andre plass.
Også naboane i nord, Helgøysund marina, har vunne prisen to gonger, i fjor og i 2008.
– Eg er såå krye....Dette er ein skikkeleg boost, og den beste motivasjonen som finns. Me kunne ikkje fått ein betre start påsesongen. Eg må innrømma eg tenkte tanken på at det kunne skje, men det var mange sterke finalistar, så eg slo den ifrå meg. Desto større var gleda då telefonen kom i går. No er det berre å bretta opp armane og gjer meir av det same, seier Anita Ørnes.
Mange har nok allereie lagt merke til flagget som stadfester statusen på reiselivsanlegget på kaia på kaia. Snart kjem det eitt til.
Tidligare vinnarar:
2022: Helgøysund
2021: Bekkjarvik
2017: Arendal gjestehavn
2016: Mandal gjestehavn
2015: Bekkjarvik
2014: Skartveit på Halsnøy
2013: Tønsberg
2012: Klokkergården på Rødøy
2011: Farsund
2010: Farsund
2009: Husnes
2008: Helgøysund
2007: Bekkjarvik