FINNØY: Det er pensjonert sjefsingeniør i Statens vegvesen, Bjørn Alsaker som har rekna på dette.

-Ei bru vil ha mange fordelar. Barna kan sykla til Finnøy, og det vil bli ein stor turistattraksjon, meiner Alsaker.

-Kor høg må brua vera?

-Kystverket forlangar ei bru med seilingshøgde 40–50 meter, og det bør gå fint. Slike hengebruer er langt på veg hyllevarer, seier Alsaker til Øyposten.

Han har vore med og planlagt Lysefjordbrua, som er 640 meter lang og har 47 meter seilingshøgde. Og det bur ikkje så mange fleire på Forsand enn det gjer på Sjernarøy.

Bjørn Alsaker. Foto: Arkiv
Lysefjordbrua er 640 meter lang. Foto: Wikipedia

Ei hengebru frå Mjølsnes til Fåreholmen ville blitt 540 meter lang.

-Kan det brukast masse frå Rogfast til fyllinga?

-Ja, det er noko som er diskutert, men for at det skal skje må fylket engasjera seg. Nokon må løfta dette fram, understrekar Bjørn Alsaker.

-Men det er rift etter tunellmassane frå Rogfast, så nokon må ta tak i dette, seier han.

Ei bru frå Finnøy til Sjernarøy ville truleg sett fart i turismen i øyane. I motsetning til ein tunell, ville det lagt godt til rette for til dømes sykkelturisme til øyane.

Kanskje dette kan bli framtida viss det blir bygd bru mellom Finnøy og Sjernarøyane. Foto: Colourbox
Ill: Øyposten