Vil ha øyane med på laget under byjubileet i 2025

Rennesøy og Finnøy er ein del av Stavanger og representerer mange unike muligheter som me vil bruka jubileet til å løfta fram og gjera kjent for heile Stavanger, slår leiaren for Stavangers byjubileum fast.

Tina Nådland, f.v, Lena Antonius og Stian Kristinsen er samde om at Finnøy og Rennesøy har mykje å  bidra med til Stavnager si 900-års feriring.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

RENNESØY: Er det tomathistoria eller tomatsyltetøyet som skal representera Rennesøy og Finnøy? Kva med sauer og det unike kulturlandskapet? Eller skal me satsa på natur og friluftsliv?

Det var det store spørsmålet på møtet på Utstein Kloster hotell onsdag i denne veka. Møtet er eit av fleire som innbyggartorga i begge kommunedelane har teke initiativ til, og kallar næringsutvikling i øyane.Formålet med møtet var å få innspel på kva for muligheter 900-årsjubileet opnar for måltid- og reiseliv på Finnøy og Rennesøy.

Innspel frå øyane

Leiar for byjubuleumet, Lena Antonius, innleia møte med å opplysa at ei spørjeundersøking utført i 2020 viste at ein av 10 personar visste at Stavanger fyller 900 år i 2025, medan talet to år seinare, i 2022, var 4 av 10. I den same undersøkinga blei det spurt om kva i Stavanger som bør bli trekt fram under jubileumsmarkeringa. Dei same to tinga kom fram både i 2020 og i 2022; sentrum og natur- og friluftsopplevingar.

– Dette tek me med oss i arbeidet og bruker som eit utgangspunkt for planlegginga, seier Antonius. Ho orienterte om forskjellige planlagde aktivitetar, kva tankar dei har og kor langt prosessen er komen. Frå øyane vil ho ha innspel om kva lokalbefolkninga tenker, og kva regionen kan bidra med.

Markering heile året

Planen er at det skal vera arrangement som går gjennom heile jubileumsåret.

Jubileet skal sjå tilbake på historia og framover, difor er programmet delt inn i temaene Opphav, Samspel og Omslag. Hovudsatsingane er Domkyrkja, Pedersgata og Ullandhaug, saman med ei rekke andre arrangement. Blant anna blir det lysfest i januar, byfest i april, Gladmat i Pedersgata i juni, og eit storslått avslutningsarrangement i desember.

– Rennesøy og Finnøy er ein del av Stavanger og representerer mange unike muligheter som me vil bruka jubileet til å løfta fram og gjera kjent for heile Stavanger. Eg tenkjer at tomat, på ein eller annan måte, må vera ein god idé. Tomatar er ein stor del av næringslivet både i Rennesøy og Finnøy. Andre aktuelle ting me ser føre oss er kulturlandskapet på øyane som er blant dei finaste i landet. Natur og fritid, eller ikkje minst lokalmatproduksjon, seier Antonius.

– Tenker du at det kan føregå konkrete arrangement knyta til jubileet på øyane?

– Absolutt, anten saman med andre aktørar eller som enkeltståande arrangement. Undersøkinga vår viste at Rennesøy og Finnøy har generelt lågare tilknyting til Stavanger fordi dei er utkantar og nye kommundeler. Med hjelp av byjubileet ønskjer me å skapa ei kjensle av fellesskap, og gjera området betre kjent for heile Stavanger.

Ta initiativ

– Me som bur her må vera frampå og komma med innspel sjølve. Me kjenner regionen best, me veit kva som er særeige og kva me vil løfta fram. Me treng produkt som gjer at folk burjar snakka om arrangementet, seier Tina Nådland, leiar på innbyggartorget i Vikevåg.

Maren Skjelde, ansvarleg for Gladmat orienterte om deira planar for byjubileet. Mesteparten av aktivitetane skal leggast til Perdersgata.

– Me kjem til å fortsetta med gladmatløyper i Stavanger aust på same måte som i fjor. I sommar skal me testa ut korleis det blir med langbord i gata, her skal me sjå på forskjellige variantar. Urban dyrking blir eit anna tema i tillegg til gjenbruk i Perdersgata, fortel Skjelde.

Barn og unge

– Er det mogleg å legga ei matløype til Rennesøy og/eller Finnøy?, lurer Tina Nådland.

Arvid Kaspersen frå Utstein Pilemgrimsgard kom med ei oppmoding til Antonius om å bruka jubileet som eit verktøy, gjennom den kulturelle skulesekken, til å fortelja byhistoria til born og unge.

Arvid Kaspersen i Utstein pilegrimsgard og t.v og Tor Gunnar Solvang, dagleg leiar ved Utstein Kloster hotel.

Inger Lise Rettedal frå Klostergarden ønskjer å vera ein del av Engøyholmen kystkultursenter som planlegg å gjenskapa landsregattaen som fant stad i Stavanger i 1868, og som blei avslutta med ein16-rettars middag.

– Stavanger er faktisk Noregs største sauekommune, seier Rettedal.

–Eg er glad for alle dei gode innspela, det er nyttig når me skal laga eit så stort arrangement som omfattar heile kommunen, avsluttar Lena Antonius.

Rådgjevar i næringsavdelinga, Jan S. Grimstad er lokal koordinator for Finnøy og Rennesøy.

– Ikkje vent på å bli kontakta, ta initiativ sjølv. Finn på noko som underbygg stoltheita av det me allereie har i regionen og bevar den gjennom å bringa historia vidare. Bruk jubileet til å skapa varige verdiar i øyane, oppmodar Grimstad som er klar til å ta i mot tankar og idear.

Publisert: