Båtførarkurs for speidarar frå Finnøy, Talgje og Mosterøy
Sist helg arrangerte to lokale speidargrupper kurs i båtførarprøven. Finnøy og Talgje KFUK-KFUM-speidarar var vertskap, og kurset gjekk i Talgje grendahus laurdag og søndag.
TALGJE: Mastra sjøspeidergruppe frå Mosterøy blei også med på kurset. Totalt 14 speidarar i ungdomsalder, og fire vaksne leiarar, deltok på kurset, som blei avslutta med eksamen.
Instruktør kom frå redningsskøyta i Stavanger. Dei to kursdagane på Talgje gjekk med til undervisning, oppgåver, instruksjonsfilmar og gode diskusjonar. I pausane blei det servert god mat og det var balleik i gymsal og ballbinga ved grendahuset.
-Så langt me kjenner til er våre to speidargrupper dei einaste aktørane som tilbyr organisert opplæring i sjøliv og bruk av båt til barn og unge på Ryfylkeøyane. Denne helga fekk både leiarar og dei eldste speidarane viktig påfyll. Sentrale tema er tryggleik i båt, sjømerker, lese kart og nattseilas, seier Jone Ullenes, gruppeleiar for Finnøy og Talgje KFUK-KFUM-speidarar til Øyposten.
Båtførarprøven er eit krav for alle fødde etter 1980, som skal føra båt over 8 meter og med meir enn 25hk, og som er over 16 år. Yngre speidarar som tar eksamen får båtførarbeviset utstedt når dei blir 16 år.
Kurset var ein god anledning til samarbeid mellom dei to speidargruppene, som begge nyttar sjøen og har båtar til speidararbeidet. Dei to speidargruppene har totalt omlag 100 speidarar og 30 leiarar.
Speidargruppa på Finnøy og Talgje fekk stønad til båtførarkurset frå Finnøy kommunedelsutvalg.
-Me er veldig glade for at kommunen støtta kurset. Då kunne me handle inn pensumbøker til utlån, og få med oss ein profesjonell instruktør. Praksis vil dei få på speidargruppa sine eigne båtar. Dette er ei god investering i både kunnskap og tryggleik. Og sidan dei eldste speidarane leiar dei yngre, skal denne kunnskapen drypa nedover i rekkjene, seier Ullenes.