FINNØY: Me var mellom dei heldige som var gjester, men fekk også gleda av å hjelpa til. Heimefrå tok me koralbok, flygelhorn, Bibel og nisseutstyr.

Så vart det å bera bort og bera fram stolar og bord, dukar, tallerkar og glas, knivar og gafler, alt det som kvinnene alltid har hatt orden på. Frå kjøkenet kom liflige «dufter» av julemiddag. Dag Olav møtte både med med gitar og trompet.

Han skulle syngja Prøysenviser. Så fyllest rommet med alt frå spedborn til besteforeldre. Middag av ypperste kvalitet, dessert, frukt, kaker og kaffivart servert. Tostemt blås frå koralboka sette stemning. Olav song til gitarspel.

Julestemning frå tjukkaste Aust-Noreg

Frå Lukasevangeliet 20 familiære og skjellsettjande vers. Det er stille i rommet, trass i dei mange små. Så samalst borna og nokre vaksne, hender trivlar etter kvarandre. Song og gong kring treet: Betlehemssongar og norske stemningsikon.

På med nissedrakta. Den er raud og varm . Maska er trong. Bossekken er halvfull av godteposar. «Ho,ho. Snille barn?» Nokre kjem springande, sume nølande, nokre med ærefrykt og atterhald. Godteposane vert leverte ein for ein.

Mottakarane forventingsfulle og oppglødde. På eine sida ei småjente og gut. Mødrene har skruva dei fram mot dette skræmande og lokkande. Bakgrunnen som kling i dei er frå Ukraina, saknet er for ei tid dempa av dette juleståket, det varme rom og dei syngjande born.

Nissen ser frå augehola i maska inn i andlet og augo, inn i forventingar, i fryd, i støkk og undring. I blenken frå to augepar skin slik glede og forventing at nissehjarta vil smelta.

Takk frå Signy og Aslak