Ståande applaus for pelsdyrbøndene på landbruksmøtet
Landbruksminister Sandra Borch lovar at takseringa av pelsdyrfarmane skal koma raskt i gang. På landbruksmøtet blei pelsdyrleiaren hylla med ståande applaus etter innlegget sitt.
VARHAUG: -Det får kosta kva det kosta vil, slo landbruksministern fast, då ho blei utfordra på erstatninga til pelsdyrbøndene.
Ho kunne opplysa at det er nå er enighet mellom Landbruksdirektoratet og Norsk Landbrukstakst om takseringa av pelsdyrfarmane.
Det betyr at takstfolka frå Norsk Landbrukstakst kan reisa ut til pelsdyrfarmane nå, lova ho. Takseringa kan dermed koma i gang, noko som er grunnlaget for erstatninga frå Staten.
Lovar grundig vurdering
-All skal få ein grundig og individuell erstatning, lova ministeren, som la til at ho håpar å få avslutta saka så raskt som mulig. Ho skulle også ynskt at ho kunne vore forrutan «rotet» når det gjeld takseringa.
-Eg kjem til å ha dialog kvar veke med Landbruksdirektoratet om pelserstatninga, lova Sandra Borch.
Tidlegare pelsdyrbonde Erlend Nes frå Ombo var til stades på møtet.
-Det har vore fire landbruksministrar før som har lova oss oppgjer, eg trur det ikkje før eg ser at pengane har kome inn på konto, seier Nes til Øyposten.
Hans kollega i bransjen, Jon Ingvar Nårstad, også frå Ombo, seier at det «er lov å håpa» på at oppgjeret nå kjem.
Til å grina av
Det er fem år sidan Stortinget vedtok å leggja ned pelsdyrnæringa, og i fjor lova landbruksministeren at oppgjeret frå staten skulle vera klart i løpet av «nokre veker». Sidan har lite skjedd. I Finnøy og Rennesøy er det seks pelsdyrbønder som ventar på oppgjer, ifølge ein oversikt som ordførar Kari Nessa Nordtun tidlegare presenterte.
Jan Ove Horpestad, leiar i Pelsdyrlaget, sa at situasjonen var «til å grina av».
−270 familiar har fått tilveret sitt snudd på hovudet etter at Stortinget vedtok å avvikla næringa, sa han mellom anna, og la til at kampen er ikkje over før den siste pelsdyrbonden har fått erstatning.
Innlegget hans gjorde såpass inntrykk på salen at heile møtelyden reiste seg og ga han ståande applaus.
Låner godt over 20 mill.
Landbruksmøtet på Varhaug handla langt frå bare om peldyrbøndene. Konsernsjef i SR Bank, Benedicte S. Fasmer kunne opplysa at dei største bøndene låner «langt over 20 millionar kroner».
-Det blir færre og større bruk, og endå meir bruk av teknologi, var hennar vurdering, og oppfordra bønder som slit med å betala rekningar til å ta tidleg kontakt med banken.
-Me har endå til gode å ikkje finna gode løysingar, sa ho.
Landbruksministeren lova at sjølv om tidsplanen for å lukka lønsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet ikkje var på plass, så skulle ikkje det stå i vegen for eit godt jordbruksoppgjer til våren.
Sandra Borch ynskte også eit breitt forlik i Stortinget om opptrappingsplanen for bøndene, som ikkje bare var støtta av SV.
-Då vil vedtaket stå seg betre, meinte ho, og appellerte til lokalpolitikarane om å gjera ein jobb overfor sine partigrupper på Stortinget.