Oline (t.v.) og Torjus var på juletrejakt på Hauskje på måndag. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Det er masse snø, fortel dei Øyposten, som har fått lov til å bli med dei på utflukta.

– Er det snø der du bur? spør dei journalisten.

Øyposten stadfestar at det er snø på Talgje også.

– Du må ikkje ete den gule snøen, seier dei.

Journalisten lovar å berre ete den kvite snøen om ho skulle få lyst til å ete snø.

Men juletre? Det er snart jul. Har nokon av dykk pynta til jul heime?

– Det er mange luker igjen til jul, fortel dei.

– Det er litt for tidleg å pynte.

Bastian er usikker på om dei pleier å pynte til jul heime hjå dei.

– Kanskje pappa vil pynte neste veke? Me har i alle fall ikkje juletre enno. Men me har snø.

Han ristar på eit tre så snøen fell av greinene.

– Eg får det til å snø, seier han.

Eilen (t.v.) og Letti ristar bort snøen for å sjå om treet er fint nok for Hagatoppen barnehage. Foto: Silje Talgø Klakegg

Nokon har pynta

Torjus fortel at dei har juletre utanfor Gardsbutikken.

– Me har pynta til jul, seier han.

– Det er gøy og fint med jul.

Pedagogisk leiar Stine Helland Dyskeland peikar på eit tre og spør om ungane er einige i at det er det beste treet.

Iwona Radoszewska peikar på eit anna tre, eit som er høgare.

– Skal me ikkje heller ta det treet? spør ho.

– Nei, seier Oline.

– Me skal ha dette!

Ho peikar på det største treet på heile feltet.

Stine og Iwona kikkar spørjande på kvarandre.

– Ja, kvifor ikkje? seier Stine. Iwona nikkar. Størst er best når det gjeld juletre, er dei begge einige om.

Stine tar i mot treet når det fell. Foto: Silje Talgø Klakegg

God hjelp å få

Erik Linndal gjer seg klar til å sage. Han plasserer saga så høgt han kan i treet.

– Er det her eg skal sage?

– Nei! seier Torjus.

Torjus legg seg ned på bakken og peikar inn under treet.

– Du må sage så langt nede som du klarer, seier han og visar Linndal kor det kan vere bra å sage.

– Ok, seier Linndal, og ber ungane hjelpa han å sage. Dei kan halde i andre enden av saga.

Fleire ungar hjelp til, og treet ligg snart på bakken.

– No skal me bere det heim, seier Karen Marie. Alle ungane samlar seg rundt treet og prøver å løfte.

– Eg trur kanskje me treng hjelp til å få det heim, seier Stine. Linndal lovar å hjelpe dei å frakte treet til barnehagen.

Dei prøvde å bere treet sjølv, men sidan dei valde det største treet, måtte dei få hjelp av Linndal. No blir det julestemning i Hagatoppen barnehage. Foto: Silje Talgø Klakegg