FINNØY: Tysdag 17. januar blir det folkemøte om den nye kraftrforbindelsen i Finnøy kommunedel.

-Me er først og frem interesserte i innspel om kva NVE skal kreve at Lnett skal utgreie som bør utgreiast av Lnett, opplyser seniorrådgjevar Tanja Midtsian i Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) til Øyposten.

-Me har forstått at det er stort engasjement rundt denne saka på øya, og det er viktig at folk møter opp på folkemøtet og kjem med innspel. Folk på Finnøy kjenner forholda mykje betre enn både me og Lnett. Me er avhengige av at dei kjem med sine ynskje nå , mens prosjektet er i ein tidleg fase, legg Midtsian til.

Foreløpig er det ingen konklusjon om kva løysingar eller traséar som kjem til å bli valde, understrekar ho.

-Folk på Finnøy vil ha den nye kraftforbindelsen i kabel?

-Slik er det mange stader, men det er likevel viktig at folk er klar over at det vanlege er luftspenn når linjer med dette spenningsnivået skal byggjast. Men me er også klar over at grunneigarar og bondelag helst vil unngå at jordbruksjord blir bandlagd, noko som må med i vurderinga. Men det også viktig at folk kjem med innspel på kor eit eventuelt luftspenn best kan leggjast og kva for tema som bør utgreiast, og ikkje bare har fokus på kabel, seier Tanja Midtsian.

Det blir ho som skal leia folkemøtet, men det kjem også sentrale personar frå Lnett på møtet.

Ifølge Midtsian ynskjer NVE skriftlege tilbakemeldingar om kva som bør utgreiast, for å vera sikre på at dei har fått alt med seg. Deretter skal Lnett utgreia dei ulike spørsmåla, før søknaden blir sendt.

-Viss me synes at Lnett ikkje har utgreidd saka skikkeleg, vil me be om tilleggsutredningar. Når søknaden er sendt, blir det eit nytt folkemøte, om dei traséane og løysingane som Lnett vel å søkja om blir valde. Noko endeleg avgjerd kjem neppe til å bli fatta før i 2025, seier seniorrådgjevaren, som legg til at vedtaket kan ankast inn for Olje- og energidepartementet.