FINNØY: På Hauskje blømer epletreet glad og fornøyd i det varme været som har vore den siste tida, utan å ta hensyn til at eplehausten er i full gang og at det eigentleg er kviletid nå, før neste sesong.

Men at fruktre finn på å bløma om hausten, spesielt epletre, er ikkje eit heilt uvanleg syn. Varme haustdagar gjer frukttrea ganske så forvirra, såpass at dei kan finna på å bløma nå. Men frukt blir det nok uansett ikkje.