Lar seg ikkje skrema av høge straumprisar

Jon Olav Runestad er i gang med å installera ledlys i drivhuset på Fogn. Kostnaden ligg på rundt tre millionar kroner, og lampane vil sluka rundt ein million kilowatttimar med straum i året. 

Jon Olav Runestad midt i kabelgata som skal forsyna drivhuset hans med straum, og som vil sluka rundt ein million kilowattimar i året.|Trond Kristensen frå Rørheim Maskin legg ei ny skuff med kabelsand over grøfta.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FOGN:

Beslutninga om å innstallera straum tok Runestad i vår, då straumprisane fortsatt var på eit anstendig nivå.,

- Skulle eg tatt den beslutningen nå, hadde eg kanskje utsett avgjerda eit år og sett det an litt korleis straumprisane utviklar seg. Men det er spennande å prøva noko nytt, seier Runestad til Øyposten.

Enova støttar prosjektet, som eigentleg kostar fire millionar kroner, med 25 prosent. Det tel også med at nye ledlys nå ikkje treng så stor høgd over tomatplantene for å fungera. Ei prisme spreiar lyset, og gjer at det skal gå fint også hos Runestad.

- Dei nye ledlysa er installert i eit par gartneri som eg veit om, og begge stader fungerer det godt, seier han.

Høg straumrekning

Med dagens straumprisar blir det fort millionar av for å skaffa lys i lampane, men tomatgartrnaren på Fogn reknar med å kunna auka avlingane med 30 prosent utan å bruka meir gass. Og slik det er nå er også gassen svindyr.

https://www.oyposten.no/2021/12/08/stor-usikkerhet-om-neste-ars-sesong-for-gartnararne/

-Lys gir meg mulighet til å forlenga sesongen med ein månad i kvar ende, legg han til.

Han opplyser også at det er ein gartnar til på øya som ynskte å installera lys, men som måtte leggja planane på is på grunn av mangel på straum.

-Ifølge Lyse er det  ikkje mulig å ta ut meir effekt av høgspentnettet som går til Finnøy og Rennesøy, før ei oppfattande oppgradering. Eg fryktar det vil gå minst 5 år før nye trafostasjonar  med tilhøyrande  132 kilovolt-linje er bygd. Når høgspentnetter blir oppgradert frå dagens 50 kilovolt vil kapasiteten bli mangedobla, seier Runestad.

Han meiner også at mange politikara ennå ikkje  har tatt inn over seg at forbruket av elektrisk kraft kjem til å auka betydeleg framover, og at det difor må bli fortgang i utbygging av både vind- og vannkraft.

 Trond Kristensen frå Rørheim Maskin legg ei ny skuff med kabelsand over grøfta.

-I tillegg må planane om vidare elektrifisering av plattformene i Nordsjøen leggjast på is. Me har ikkje nok straum tilgjengelig til dette,  og det skaper heller ikkje ein einaste ny arbeidsplass, påpeikar han.

-Korleis er stemninga hos gartnarane akkurat nå?

-Det tok nok ei tid før det gjekk opp for mange kor dyr gassen er blitt. Gass er hovudenergikjelda i veksthusnæringa, men eg trur likevel at dei fleste kjem til å la sesongen gå som normalt neste år, seier han.

Grønt skifte

I tillegg til skyhøge energiprisar, er gartnerinæringa også i ferd med å bli slusa inn i det «grøne skiftet». Regjeringa har mellom anna innført CO2-avgift for veksthus frå nyttår.

-Det er nok ingen veg utanom, me kjem til å bli omfatta av det grøne skiftet, me også. Det er også difor eg installerer led-lys. Det gjer CO2-rekneskapen min betre, og det er også noko butikkane etterspør. Men det er synd at det ikkje er elektrisk kraft disponibel, som i Norge er den grønaste form for energi som finst, seier Jon Olav Runestad.

Sjølv har Runestad gjort avtale om å kjøpa propan, som for tida er ein god del billegare enn naturgass.

-Det er eit paradoks at storpolitiskeforviklingar mellom Russland og Vesten skal føra til skyhøge prisar på naturgass som blir produsert lokalt på andre sida av Boknafjorden. Det burde vera mulig med ein nasjonal pris på naturgass, men det er visst ei «heilag ku»,  avsluttar han.

Publisert: