Norled droppar hydrogendrift i Finnøysambandet

Norled har droppa å byggja om til hydrogen i Finnøysambandet, foreløpig. Det blir for kostbart. Men planane om hydrogenfabrikk på Fiskå går vidare.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
MF «Hidle» ved ankomst til Stavanger. Planen var at denne eller søsterferja "Ombo" skulle byggjast om til hydrogendrift.

FINNØY:

Planen var å byggja om ei av dei nye ferjene i Finnøysambandet til hydrogendrift. Sambandet kunne blitt det første i Norge, og truleg i verden, som bruka komprimert hydrogen som drivstoff i ei ferje.,

Men nå har Norled ombestemt seg, stadfestar informasjonsansvarleg Cathrine Gjertsen i Norled overfor Øyposten. Årsaka er mellom anna at dei økonomiske kostnadane blir for høge. Norled understrekar likevel at ferjene kan byggjast om til hydrogendrift seinare.

Ifølge Gjertsen klarte heller ikkje selskapet å levera i forhold til tidsfristen i EU-prosjektet om hydrogendrift, som Norled er med i.

-Hydrogenmarkedet og produksjon er ikke modent nok, og en del kostnader ble for store, skriv Gjertsen i ein epost.

Etter planen skulle den eine ferja byggjast om i år, og Enova skulle støtta prosjektet med 38 millionar kroner. Oslo-selskapet GreenH skulle byggja bunkringsanlegg og det som skulle bli Norges første produksjonsanlegg for hydrogen.  Det skulle byggjast i området ved Fiskå mølle i Strand, og sjølv om Norled nå bakkar ut blir det jobba vidare med planane, og leveransar til andre aktørar.

Hydrogenfabrikken ville sluka umåtelege mengder med straum, og ifølge Strandbuen har det vore bekymring blant lokalpolitikarane for følgene fabrikken ville få for straummarknaden i området.