Bygdakokken Joakim Wiborg starter kafèdrift på innbyggartorget på Finnøy.|Bygdakokken ser fram til å starte opp på innbyggartorget.|Bygdakokken inviterer dei som ønsker det til julefeiring med god mat og godt selskap.

FINNØY:

Det er ikkje lenge sidan det blei annonsert at Bygdakokken, Joakim Wiborg, skal stå for måltidene i den nye restauranten som skal koma på Judaberg. Kort tid etter kom nyheten om at han også skal stå for kafèdrifta på Innbyggartorget, berre eitt steinkast unna førstnemnde prosjekt.,

– Du har jo fått deg nokre julegaver allereie du?

– Jaja, absolutt, smiler Wiborg.

https://www.oyposten.no/2021/12/22/bygdakokken-flytter-julefeiringa-til-eiga-stue-framleis-plass-til-fleire/

– Mange med på laget

Han er i godt humør og full av idear. Øybuen skal få nyta mange gode måltider signert Bygdakokken frå og med 2022, ifølge dei nye planene.

– Korleis har du tid til dette?

– Eg har mange med på laget, så me skal finne tida til å skapa noko kjekt saman her. Det blir mykje arbeid, men det skal nok bli kjekt til slutt, seier Wiborg.

Til vanleg driv han med catering til diverse arrangement, utleige til restaurant, i tillegg til det han kallar «kokken heim», kor han rett og slett kan bestillas heim, for å servere eitt bedre måltid til festlege anledningar. Men no kan ein snart også finna han på ein fast stad, eller to.

Planen er å starte kafèdrifta på Innbyggartorget i februar neste år. Restauranten håper dei å få klar innan påsken. Kjøkkenet på innbyggartorget er ikkje akkurat det største, men det ordner seg alltid, meiner Bygdakokken.

– Eg leiger kjøkken per no. Men det skal bli bra med eit kjøkken rett borti her, i den nye restauranten, seier han.

https://www.oyposten.no/2021/12/20/bygdakokken-blir-ny-kafedrifter-pa-kafeen-pa-innbyggertorget/

Bygdakokken ser fram til å starte opp på innbyggartorget. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Vil arrangere temakvelder

Konsepta er ikkje heilt klare for dei to prosjekta. Men det blir så klart variasjon i kva som serves, ettersom han skal stå for maten for to stader like ved kvarandre.

– Eg driv mykje med tradisjonell norsk husmannskost, av og til litt gourmèt med fem-retters og sju-retters, og lokal mat. I kafèen blir det nok meir type kafèmat og enkle rettar. I restauranten har me ikkje planlagd menyen heilt, men det blir noko tradisjonsmat og restaurantmat.

Wiborg gler seg stort til å få alt på plass.

– Absolutt. Det skal bli veldig kjekt å vera med på å skapa noko her på Judaberg. Det trengs. Me vil også arrangere litt forskjellige arrangement, som temakvelder også vidare. Me vil skapa litt liv. Også kan innbyggarane bli med å foreslå kva dei ønskjer seg, avslutter han.

https://www.oyposten.no/2021/12/15/skal-driva-judaberg-restauranten/