Dagleg leiar ved Sjøberg ferie, Kai Risa ventar på at sommargjestene skal innta ferieanlegget.

FINNØY- RENNESØY:

Etter ein vanskeleg sesong for næringa i fjor, ser det ut til at det kan gå mot betre tider i år. Styresmaktene oppmodar nordmenn også i år til å legga sommarferien i heimlandet, sjølv om fleire andre land er i ferd med å opnast opp igjen. Det lovar godt for dei som driv med overnatting i regionen.,

Ved Utstein Kloster hotell er dei optimistiske med tanke på sommarsesongen. Hotellet er på ingen måte fullbooka, men situasjonen ser ikkje så verst ut.

- Nei, me byrjar tru at ting er i ferd med å ta seg opp igjen, sakte rett nok, men det kjennes ut som me er på rett veg.  Hotellet er ope heile sommaren for overnatting og for lokale gjester. Nytt av året er at me opnar opp for overnatting i Utstein kloster. Det skal bli spennande å sjå korleis det vil tatt imot, seier dagleg leiar Tor Gunnar Solvang.

Hjå Kai Risa ved Sjøberg ferie i Østhusvik har det og byrja tikka inn bestillingar, om enn ikkje så mange ennå.

- Eg trur folk ser an situasjonen litt, og vil vera heilt sikre på at det er trygt å reisa før dei bestiller. Når det er sagt trur eg bestillingane kjem etter kvart, det var slik det var i fjor og, seier Risa som har kjøpt inn kano og kajakkar til fri bruk for gjestene.

- Elles satsar me sterkt på Bubilcamp på området og ventar på positivt svar i frå kommunen som vil gjera det mogleg å utvida arealet. I dag er det plass til 12 bilar, men me ynskjer å auka kapasiteten til 34 bilar.

Fullt belegg er det heller ikkje hjå naboen Fjordbris Hotell, sjølv om det tikkar inn bestillingar jamt og trutt.

- Det byrjar fyllast opp i leilegheitene, men hotellromma står ledige ennå. På grunn av usikkerheita rundt koronasituasjonen har me ikkje lagt opp til mykje sprell denne sommaren. No handlar det meste om å komma seg heilskinna gjennom pandemien. Håpet er at konferansemarknaden så smått kan starta opp igjen i haust, og at det går an å ta i mot utanlandske gjester seinsommars, fortel dagleg leiar Kjetil Medhus.

I Sjernarøyane er situasjonen mykje godt den same. Ramsvig Handelsstad legg opp til eit variert program med kunstutstilling og konsertar, matservering og guida turar. Det er framleis mange ledige rom, men dei har heller ikkje marknadsført arrangementa ennå.