Naustet som er planlagt bygd på Helgøy i Sjernarøyane.

SJERNARØY: Statsforvaltaren kan ikkje godta at Birger W. Hetland riv det eksisterande naustet og byggjer det opp igjen med skut. Det blir for stort.,

Heller ikkje kommunedirektøren i Stavanger ville at naustet skulle byggjast opp igjen med skut, men før ferien sa Stavanger-politikarane ja til søknaden frå Hetland.

Det er dette vedtaket Statsforvaltaren ikkje kan goda.

Statsforvaltaren kan "uansett ikkje sjå at det kan vere eit aktuelt behov for eit 65 kvadratmeter stort naust til landbruksdrifta. Eit naust med ein slik storleik og utforming som kommunen no har gitt løyve til, kan legge til rette for ei vesentleg auka i privatisering av området og bygningen vil også auke det bygde preget på staden.

Erstatningsomsyn gjer seg heller ikkje gjeldande for heile det omsøkte naustet ettersom det er gått lang tid sidan skuten eksisterte.

Vi viser elles til kommunedirektørens vurdering om at utbyggingspresset i strandsona har blitt større dei siste åra og at Rogaland ligg innanfor område definert med stort utbyggingspress, jf. Statlege planretningsliner for differensiert strandsoneforvaltning. I desse områda bør kommunen ha ei restriktiv haldning til ytterlegare utbygging.

Statsforvaltaren viser også til at det har vore fleire andre saker med ønske om oppføring av gardsnaust på dei ikkje-landfastene øyene i Stavanger den seinare tida. Desse sakene er ikkje like, men til dels samanliknbare. Dersom kommunen gir løyve til gardsnaust som klårt går utover det som er eit nødvendig driftsmessig behov gjennom enkeltsaker, kan det derfor føre til betydeleg presedens", heiter det.

Statsforvaltaren kan godta riving av det eksisterande naustet og bygging av nytt, men utan skut og avgrensa til 39 kvadratmeter, som er størrelsen på det naustet som står i dag.