Her kjem ein kjapp oppsummering av dei viktigaste kvartalstala frå Hjelmeland Sparebank.

HJELMELAND:

Resultatet av ordinær drift før skatt viser eit overskott per 30.juni på 17.7 millionar kroner, mot 12.6 millionar året før. Banken har frå same dato ført 0.7 millionar på tapskontoen, mot 1,9 millionar i 2020. Driftsinntektene er 35.8 millionar, mot 31,7 millionar i fjor. Sum driftskostnadar er 17.4 millionar mot 17.2 året før.,

- Trass i at me er ein liten bank, er me solide og kan me visa til gode resultat. I ei tid der mange bankar legg ned avdelingskontor er me i den heldige situasjonen og går motsett veg. Nyleg opna me kontor nummer fem på Tau, og er no tilstades på Hjelmeland, i Finnøy, Suldal, Jørpeland og Tau. Ikkje alle trur at ein liten bank kan klara seg, men me er optmistiske og merkar ein positivitet i marknaden. Dei tilsette gjer ein kjempejobb og har mykje av æra for dei gode resultata, seier banksjef Súsanna Poulsen.