SJERNARØY:

-Me har fulle hytter, seier Fridjov Furre i Sjernarøy Maritim til Øyposten.,

Ifølge Furre har pågangen frå nordmenn som vil feriera hos Sjernarøy Maritim vore stor.

-Det var labert tidlegare, då tyskarane uteblei. Men denne veka og fram til midten av august er det fullt, seier Furre, som har god tru på at neste år blir bra.

Sjernarøy Maritim har 200 senger, og familien Mikkelsen frå Sandnes er blant dei som losjerer hos Sjernarøy Maritim denne sommaren. Per og Aud Mikkelsen frå Sandnes skal feriera på Bjergøy i to veker. Nå har dei vore ei veke.

-Alt ligg til rette for ein fin ferie her, litt avhengig av været, seier Per Mikkelsen.

Den første veka deira på Sjernarøy har været vore nokså skiftande.

-Då har det gått i spel, teikning og bøker. Dessutan har me ein hund som må luftast, seier han.

Også Helgøysund Fiskesenter på Helgøy har tyske fisketuristar som grunnlag. Fiskesenteret har 80 senger, men innslaget av norske turistar har vore magert så langt, ifølge Vibeke Steen Landsnes, ved fiskesenteret.

-Denne sesongen blir heilt spesiell. Viss ikkje korona'en hadde slått til, ville det vore ein veldig bra sesong, seier Vibeke Steen Landsnes, som nå håpar at åpning for tyske turistar frå den 15. kan redda stumpane av sesongen i år.

Blant dei få norske familiane dei har hatt som gjester i sommar er familien Orheim. Dei trivst godt i ferien på Sjernarøy, og kan gleda seg over gode fiske- og krabbefangstar. Faktisk så godt, eit deiu vel å bli ein dag ekstra.