Fleirbrukshallen med solid overskot og snart gjeldfri

Den 15.mars 2003 vart Finnøy Fleirbrukshall offisielt opna. 20 åre etterpå vil truleg hallen, som er  eigd av ei rekke lag og organisasjonar og privatpersonar på Finnøy, med no Stavanger kommune som den største luteigaren ved sida av Idrettslaget på øya, truleg også vera gjeldfri. På botnlinja i rekneskapet for 2019, kan dei også bokføra eit overskot på 270 000 kroner.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Og no kjem også storkommunen Nye Stavanger inn med full tyngde. Ein kommune som har som prinsipp at alle idrettslag i kommunen skal få bruka idrettshallane gratis. Den nye kommunen har på ingen måte planar om å ta over hallen og eiga denne, slik det vanlege er både for dei to idrettshallane på Rennesøy og Mosterøy og i byen.-Tvert om så har dei signalisert at dei heller vil løyve kr.75 000,- i støtte til hallen fordi den blir drive så godt, og i tillegg vil dei subsidiere idrettslaget med ei leige på 150 000 kr, står det å lesa i årsmeldinga som er ført i pennen av leiar Arild Flesjå.Det har også resultert i auka aktivitet i idrettslaget,  og eit betydeleg større leigebehov til trening og ulike andre arrangement og kampar. For 2020 er det signalisert at idrettslaget skal leiga for heile 240 000 kroner . Det er ein betydeleg auke frå i fjor. Også treningsstudioet i andre etasjen, der Finnøy Skyttarlag i si tid hadde sin miniatyrskytebane, er blitt ei betydelig og viktig ny  inntekstskilde for hallen.-Men utan den betydelege støtta frå lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar, ville drifta vore langt meir utfordrande, heiter det også i årsmeldinga.,

Med ei samla lånegjeld på vel 900 000 kroner ved årsskifte og utsikter til betydeleg meir støtte frå Nye Stavanger kommune, ser også driftsituasjonen veldig lys ut i tida framover.Med bakgrunn i årets driftsresultat kan faktisk Finnøy Fleirbrukshall vera gjeldfri 20 år etter at den vart bygd.-Det er faktisk første gong i alle desse åra at me har fått ei direkte støtte frå kommunen, skriv Flesjå i årsmeldinga.- Men så kom koronakrisa og me måtte stengja ned all aktivitet. Det kan gi nye utfordringar i ei tid der behovet for vedlikehald også tiltar, åtvarar Flesjå.

Men når det meste av både drift og vedlikehaldet av  Finnøy si eiga storstove skjer på dugnad, så fiksar eldskjelene i styret og rundt Finnøy Fleirbrukshall også dette (red. merkn.)

Publisert: