Jan Bokn får leggja fram naustsaka si i bystyresalen

Fylkesmannen sitt mykje omtala rivingsvedtaket på naustet til 80 år gamle Jan Bokn på Sør-Bokn i Fisterøyane, kjem førstkomane torsdag opp som klagesak i «Utvalg for by- og samfunnsutvikling».

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Då har også den mangårige frukt- og sauebonden fått anledning til å leggja fram saka si i form av eit 15 minuttars innlegg frå talarstolen i bystyresalen. Med seg på reisa til byen, har han fått med seg mangårige lokalpolitikar frå naboøya Fogn, Jon Olav Runestad,Ap. Runestad er i dag nestleiar i kommunedelutvalet i Finnøy, og har engasjert seg sterkt i saka på vegne av Jan Bokn.,-Eg er veldig glad for at me har fått denne moglegheita til å klargjera vårt syn på kva som er sjølve grunnlaget for kor viktig dette naustet er for Bokn, og ikkje minst for landbruksdrifta på bruket, poengterer Runestad.,

Saman med grunneigar har han laga eit eige skriv som han no håpar vil fylgja saka i den vidare klageprosessen inn til Fylkesmannen.

- Sjølv om administrasjonen i kommunen innstiller på at rivingsvedtaket skal stå ved lag, håpar eg i det minste at politikarane ser kor urimeleg dette er og tek til fornuft. Då er det viktig å peika på kor avgjerande dette naustet er for sjølve landbruksdrifta  på garden. Ei landbruksdrift som er fordelt på dei tre øyane Bokn, Tjørnøy og Teistholmen. I tillegg blir det også leigd jord på ei fjerde øy, Byre, opplyser Runestad.

,-At ein person som då eig ei hytte som ligg over 200 meter borte nå har fått medhald hjå Fylkesmannen på sin klage, er difor svært overraskande. Denne hytteeigedomen grensar heller ikkje til nausttomta, og han har heller ikkje moglegheit til å sjå naustet frå denne hytta. Hytteeigedomen har heller ingen private rettigheiter i området rundt naustet.,Det er dette som er noko av hovudessensen i denne saka slik me ser det. Og det er det som me nok ein gong skal prøva å få politikarane i Nye Stavanger og byråkratiet til å skjøna, avsluttar den rutinerte lokalpolitikaren frå Arbeidarpartiet.

Publisert: