Søndag den 16. tek så Finnøy mot Brodd 2 i på Leikvoll. Måndag den 7. september er det så duka for eit skikkeleg lokaloppgerd igjen mellom dei to øyarivalane, når Finnøy tek imot naborivalen til flomlyskamp kl.20.00 på Leikvoll. Berer tre dagar etter tek så Mastra imot ein annan gamal øyarival i lokalfotballen, då Kvitsøy er motstandar på kunstgrasmatta i Vikevåg.,-På grunn av koronapandemien blir det berre enkel serie, som strekkjer seg fram til 19.oktober for 5. divisjon sin del, seier dagleg leiar i NFF, Rogaland, Erik Løland.,-Men alt avheng jo av om styresmaktene opnar opp for fotballkampar og seriestart etter ferien, seier ein spent fotballeiar. Han reknar med at det vil bli ei avklaring på dette den 15. juni.