FINNØY: Prisen blei overrekt av den regionale banksjefen for Finnøy, Rennesøy, Randaberg og Kvitsøy, Geir Saupstad, under ei enkel markering på det nye klubbhuset til idrettslaget på Leikvoll i føremiddag.,

-Du får denne prisen for ditt store og oppoftrande engasjement over eit veldig stort spekter og brei basis i klubben , sa banksjef Saupstad  i si grunngjeving for tildelinga.

Han påpeika viktigheita av å ha slike ildsjeler som Aksel i eit lokalt idrettslag, og kva det betyr for idrtten i slike lokalsamfunn.

Prisvinnaren fekk deretter overrekt eit diplom og eit maleri av kunstnaren Ingrid Haukeliseter.

,-

Du kjem med dette inn i eit selebert selskap, saman med dei to litt meir tilårskomne og eldre legendene i naboklubbane Randaberg og Mastra IL, Gunnar Kolnes og Jostein Haugvalstad, la ein smilande banksjef Saupstad til.

Også idrettslaget blei heidra av banken og Sparebankstiftelsen SR -Bank med ein gavesjekk på 25 000 kroner, som ein del av pristildelinga.

,Både idrettslagsleiar Bendik Hegglund og fotballformann Erik Torger Flesjå-Johansen påpeika den store innsatsen Aksel la for dagen, mest kvar einaste dag, både for idrettslaget og fotballen spesielt i klubben.,- Du er alltid å sjå her på Leikvoll, og er så enormt viktig for oss at me må visst gå til innkjøp av ei seng til deg så du får kvila deg litt innimellom, helsa Hegglund prisvinnaren, og retta deretter ein stor takk til banken for nok eit solid økonomisk bidrag til drifta av klubben.,-Dette er stort, og dette betyr enorm mykje for meg personleg. For Finnøy IL og miljøet her på Leikvoll er som "ett hjem" for meg og betyr alt, repliserte ein tydeleg rørt prisvinnar.