Ragnhild Valand t. v og Brenda Koldstadløkken har starta ein tradisjon med julegåveinnsamling i Finnøy. Foto: Oddbjørg M. Måland|Det blir ny julegåveaksjon i år også. Det lovar Ragnhild Valand (f.v.) og Brenda Koldstadløkken.

FINNØY:

Då Øyposten skreiv om saka like før oppstart, fortalde dei to initiativtakarane Brenda Koldstadløkken på kyrkjekontoret og Ragnhild Valand frå Frivlligsentralen, at dei ville vera særdeles godt nøgd om dei klarte få inn 10 000 kroner.,

- Me er heilt overvelda og svært takksame. Dette fortel noko om folkesjela i Finnøy, seier Brenda Koldstadløkken ved kyrkjekontoret.

Eigentleg var dei ei to eldsjelene ikkje sikre på om dei ville setta i gang aksjonen i år.

- Nei, me var ikkje det. Då denne gode idéen kom til oss var det allereie slutten av oktober, og me tenkte det ville vera i seinaste laget å setta i gang eit såpass stort prosjekt. Heldigvis snudde me oss fort rundt og berre gjorde det. Tanken var og at me eventuelt kunne kontakta lokale verksemder, og kanskje til og med høyra om eit offer bedehus/kyrkje-samanheng kunne gå til julegåveaksjonen. Ingenting av det blei gjort, for dette gjekk jo av seg sjølv.

-  Det blir ny aksjon neste år?

- Ja, me ynskjer å vidareføra i same ånd til neste år også. Dette er nok ei aksjonsform som har appellert til folk i Finnøy. Det kjennes godt å kunne vera med å hjelpa dei som treng litt ekstra no i jula, avsluttar Brenda Koldstadløkken.

Det er NAV Rennesøy og Finnøy som formidler pengane der dei trengs mest.