Det var Arbeiderpartiets Dag Mossige som tok opp spørsmålet om hytteskatten under møtet i formannskapet i Nye Stavanger for ei veke sidan.,

Mossige ville vita om det er noko i vegen for å ha ein lik skattetakst i heile kommunen for hytter, medan det er differensiert skattetakst for bustadeigedommar. I forslaget som ligg an til å få fleirtal skal Finnøy og Rennesøy ha lågare eigedomsskatt enn Stavanger, og lågast blir det på dei ikkje landfaste øyane.

I forslaget er skatten både på hytter og bustader ulik, alt etter kor i den nye kommunen eigedommen ligg. Hytter i Finnøy og Rennesøy skal ha ein lågare skattetakst enn hyttene i Stavanger.

Men i sitt svar til Mossige skriv kommunedirektøren at det kan vera «fornuftig å bruke samme faktor for hele kommunen» viss det ikkje er særleg skilnad i pris. Spørsmålet blir difor om ei hytte til dømes på øyane rundt Stavanger er dyrare enn ei hytte på Reilstad. Viss ikkje meiner kommunedirektøren det kan vera greitt med ein takst for hytter i heile den nye kommunen.

I forslaget var det rekna