-Det er på tide at det blir gjort noko med dette. Eg får heilt angst av å kjøra den vegen, seier Rita Husebø Woldemo til Øyposten.,

-Kan du og gå med på å betala bompengar i åtte månader ekstra?

-Det er synd at det skal vera på det viset, men viss det er dette som skal til for å få sikra vegen så tenkjer eg at det er heilt greit, svarar Husebø Woldemo.

I planane frå Vegvesenet, som Øyposten refererte torsdag, ligg det bare inne gang- og sykkeleveg frå innkjøringa til Fåhadlet til rundkjøringa på Nåden. Det er heller ikkje foreslått utbetring av vegen på denne strekninga.

Farlegaste strekket

-Det er den farlegaste strekninga dei nå vil sikra, det er den som hastar mest, meiner Rita Husebø Woldemo.

Heidi og Ranveig Asheim, mor og dotter, ser også fram til at dei mjuke trafikkantane på Finnøy kan bli betre sikra. Dei nye planane om gang- og sykkeleveg helsar dei velkommen.

-Det seier me ja, takk til. Og gjerne lys langs vegen til Hauskje også, legg Heidi Asheim til.

Ranveig Asheim tykkjer at også vegen til Stikk innom på behehuset på Lauvsnes burde vore betre sikra.

-Kva med å betala bompengar i åtte månader ekstra?

Skeptisk til meir

-Viss me kan redda eit liv så la gå. Men det burde vore gang- og sykkelveg heilt fram til tunnelen, meiner Heidi Asheim, som er betenkt over at så få ser ut til å bruka refleks i den mørke årstida når vegane på Finnøy er så dårleg sikra.

Arvid Bjerga støttar også at arbeidet med gang- og sykkelevegen nå kjem i gang, og kan gå med på å betala i åtte månader ekstra.

-Det burde ikkje vore slik, men viss det er einaste måten så ok. Eg betaler uansett full pris i Finnfast, for eg har ikkje elbil, seier Bjerga.

Kva med resten av vegen, heilt fram til tunnelen. Vil du betala ekstra bompengar for å få bygd gang- og sykkelveg også her?

-Det burde vore bygd gang- og sykkelveg her også, men eg veit ikkje om det vil vera rett å bruka bompengar på det. Då kan bommen bli ståande lenge, og i utgangspunktet betalar me alt mykje i skattar og avgifter.

-Kva med å utbetra vegen i Vikekleiva?

-Det låg i planane før, men det kan venta til utbygginga av Golhaug kjem i gang, meiner Arvid Bjerga.