Agromiljø prøver seg ute

Agromiljø på Finnøy har investert 20 millionar i nye og større lokaler, og luktar nå på den utanlandske marknaden. Miljø er i tida også for Finnøy-bedrifta, trur leiinga.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

Industribedrifta Agromiljø opplevde to store endringar i fjor. Dei tok i bruk nytt produksjonslokale og endra eigarforholda. Nå luktar dei på marknaden ute.,

Dagleg leiar Kyrre Vastveit viser gjerne rundt i dei nye lokala på Få på Finnøy.

Den nye hallen er på 1500 kvadratmeter, lyst og luftig og er som natt og dag i forhold til dei lokala som bedrifta begynte i for 32 år sidan. Det var det gamle industribygget til Alfred Paulsen.

-Det er eit stort framskritt både når det gjeld arbeidsmiljø, effektivitet og i sparte utgifter til oppvarming. Dessutan har me nå plass til å utvida produksjonen, seier Vastveit til Øyposten.

Produksjonen består av slepeslangespreirarar med tilhøyrande utstyr til i hovudsak den norske marknaden.

Den gamle industrihallen som blei bygd av firmaet Alfred Paulsen hadde ikkje meir enn 10 centimeter isolasjon i veggene, mens det nå er snakk om 30 centimeter. Agromiljø held også på med oppgradering av denne delen.

Million-investering

I tillegg blei dei gamle lokala som husa administrasjonen riven, og erstatta med nye. Detr har gitt nye, lyse kontorer og eit kantinerom med prima utsikt over Finnøyfjorden. Om sommaren er det også mulig å flytta lunsjpausen utandørs på taket av nybygget.

Den nye delen er dessutan konstruert slik at det er mulig å kunna parkera oppå taket.

- Det har vore eit stort løft for bedrifta. Kostnadane kjem nok opp i vel 20 millionar kroner, halvparten til to-tredeler av dette er levert av lokale bedrifter på Finnøy, opplyser Vastveit.

Også eigarforholda i bedrifta blei endra i fjor. Grunnleggjaren Kjell Vastveit har overlete hjertebarnet sitt til dei tre sønnene Kyrre, Leif og Endre, som alle eig ein tredel kvar. Kyrre er dagleg leiar, og er den av dei tre som er involvert i den daglege drifta.

- Men far er framleis med på forsøk og utprøvingar, skyt han inn.

Prøver seg ute

Kyrre Vastveit ser gode muligheter for bedrifta framover.

-Me må rekna med at miljøkrava i landbruket blir strengare når det gjeld utslepp til luft. Sjølv om det har kome fleire konkurrentar på marknaden etter kvart, også store utanlandske firma, så har me ein patenten for fordeling av gjødsla ut i spreiebommane som ingen av kurrentane våre har.

-Men de er ei lita bedrift i ein utkant?

-Ja, det gir utfordringar når det gjeld frakt og volum. Men fordelen er at me har ein stabil stab og eit unikt produkt, seier Kyrre Vastveit.

Agromiljø sel rundt 35 spreiarar i året, i tillegg til sal av enkeltdeler som slangetromlar og pumper. Bedrifta har 10 tilsette, og omsetninga har lege stabilt på 23 millionar. Det blei det også i fjor, og Vastveit reknar med at botnlinja vil enda på kring ein million i pluss.

Nybygget har også gjort det mulig for Agromiljø å tenkja eksport, og  bedrifta prøver seg nå forsiktig med nye framstøytar på den utanlandske marknaden. Agromiljø er på jakt etter ny forhandlar både i Sverige og i Finland. Den islandske marknaden er også i kikkerten.

-Island er ein spennande marknad. Det har skjedd ei sterk rasjonalisering i landbruket der etter finanskrisa, og ein typisk islandsk gard nå er eit stort bruk. Sjølv om dei ikkje har i nærleiken same strenge miljøkrava som her, er dei opptekne av å få størst mulig grasproduksjon. Her er det me kjem inn, seier Kyrre Vastveit.

Rune Nedrebø