- Eg er kjempefornøgd, spesielt fordi eg var litt sjuk i treningsperioden opp mot NM, seier ho til Øyposten.

Freya viste også at ho held høgt nivå samanlikna med jenter som er eldre. I same felt var det også konkurrentar som er frå 16 år og oppover, men finnøyjenta kom inn som nummer fire. Løpet i Trondheim var 4 kilometer, som er meir enn det Freya til vanleg spring på bane.

- Men eg disponerte kreftene godt og vant løpet på dei to siste rundane.