Det hastar med å få lyst ut anbodet på den nye ferja som skal betjena alle småøyane i Ryfylke frå 2021. Kolumbus har no kome med forslag til endeleg ruteoppsett, og ber dei involverte kommunane om å ta stilling til det framlagde ruteoppsettet innan 4. februar

. Ferja skal pendle mellom fastlandet Hebnes-Foldøy-Nedstrand i nordaust, tur retur frå kl.08.00 om morgonen,via Nord-Hidle -Helgøy i Finnøy, Deretter innom Helgøy i Hjelmeland og fastlandet ved Fister kai.Dermed vil trafikkantane kunne knyte seg til Ryfylkevegen og seinare Ryfast inn til Stavanger, før den igjen tek med seg Helgøy-Byre-Sør Bokn og endar opp på Judaberg om føremiddagen kl.12.00.Der vil finnøybuen elle andre reisande kunne setja seg på ferja over til Fisterøyne og enda opp på Tau kl.13.30 med bilen om bord.,Det er fyrste gongen i historia at finnøybuen vil få ein ferjeforbindelse mellom Judaberg og Tau. Frå Tau går så turen vidare via Heng, Sør Hidle og Brimse og endar opp på gamlekaien på Østhusvik.kl.14.25.Derette går ruta tilbake til Tau og vidare innom Fisterøyen før den igjen endar opp på Judaberg kl.16.45 om ettermiddagen.,Etter å lagt frå kai på Judaberg stikk ferja iggjen nasen innover i Ryfylke via Helgøy og Nord Hidle (viss pasasjerar) før den endar opp på Nedstrand kl.18.00.Så vil reisande frå nordfylket kunne koma seg over til både Hebnes og Foldøy og til slutt Foldøy-Hebnes før den ankrar opp for kvelden kl.19.00.Då har denne turen gjennom Ryfylke blitt gjennomført på 11 timar seglingstid.