Dette skjer i Finnøy og på Rennesøy i påska
Påska er sesongopning for mange gartneri. Etter ein lang vinter er det mange som klør i fingrane etter å ta fatt på hagearbeidet.
- Oddbjørg Måland
FINNØY- RENNESØY:
Hos Gard gartneri på Talgje gjer dei seg klar til ein travel påske.,
- Det gjer me. Påska er sein i år, det betyr at det nærmar seg tid for utplanting, sjølv om det framleis er litt kjøleg i vêret. Påska er generelt ei god tid i vår bransje, så ja, med ventar fullt trøkk, seier John Gard.
- Har du noko ekstra kjekt å freista med?
- Tre fulle drivhus med alle slags sortar planter, blomar, stauder, urter og grønsaker. Me har kanskje ekstra mykje stauder i år. Også forskjellige urter og grønsaker har me eit rikeleg utval av. Det blei ekstra tydeleg at interessa for kjøkenhage auka under pandemien. Det er mange som dyrkar sin eigne grønsaker, og som vil ha småplanter. Det er sjølvsagt ekstra stas å kunne hausta av eigen avling, smiler Gard.
Ådland Gartneri på Ombo venter ei vekes tid etter påska med sesongopning.
Men påska er også tida for å oppleva det regionen har å by på av kultur, underholdning, aktivitetar, turar, mat og drikke. Informasjonen er henta frå dei forskjellige aktørane sine facebooksider.
Nedanfor finn du ein oversikt over kva som skjer i Finnøy og Rennesøy:,
RENNESØY
Sjøberg ferie
Skjærtorsdag: Komlemiddag
Langfredag: Tacobuffet
Påskeaftan: Lammelår, bobler og quiz.
Wenche lagar ein eigen påskedrink.
Utstein Kloster hotell
Påskekonkurranse: - Me har Norges kanskje største håndlagde sjokoladehare. Laga av vår belgiske sjokoladekokk Pascal Bulinckx. Kva veg haren? Stem på Facebook.
Konkurransefrist 18.april. Den som tippar nærast vinn ein nylaga hare og sundagsmiddag for to personar.
Utstein Pilegrimsgard
Skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, 1. og 2. påskedag.
Frå klokka 1200 – 1700 alle dagar:
* Meditasjon over påskens bodskap i loftstova
* Utstilling i klasserommet
* Servering av pastasalat, heimelaga rundstykke, vaflar og kaker i spisesalen.
* Pilegrimsbøn i klosteret klokka 13.00 kvar dag.
Inviter gjerne med deg venner og familie til en dagstur på Utstein. Ta ein spasertur på vakre Fjøløy og kom innom til oss på Pilegrimsgarden for ein hyggelig prat og påfyll for kropp og sjel.
Klostergarden gardsutsal
Ope kvar dag frå klokka 1200 - 1500
Galleri Utstein
Skjærtorsdag og langfredag ope frå kl 1200 - 1700
Påskeaftan og 1. påskedag ope frå klokka 1200 - 1500
FINNØY
Sjernarøy Maritim
Skjærtorsdag: Komlemiddag. Klokka 13:00 - 16:00
Påskaftan: Påskedansen. Kokka 20:00 - 01:00
Helgøysund Marina
Skjærtorsdag: Påsketreff på Helgøysund klokka 1900 - 2300
Sosial kveld med god musikk. Ta med dei du kjenner og kom. 18 ++
Skartveit Gjestehavn
Skjærtorsdag: Komlemiddag Klokka 1300 -
Innbyggartorget på Finnøy
Fredag 8.april klokka 1800: Starten på Jakta på hanekammen. Jakta held på til 25. april.
Påskekos og krim for heile familien.
Langåpent til klokka 20.00 i kafeen
Fiolen Familiepark, Talgje:
Laurdag 9.april. Sesongopning. Ope heile påska.
Fjøløy:
Vil du på tur i eige distrikt, kan du ta turen til Fjøløy og overnatta i turisthytta til Turistforeningen.
Det byrjar fyllast opp, men det er ennå nokre netter ledige.
- Me veit det er mange som vil på tur til Fjøløy. Fordi hytta ligg nært byen, er det enkelt å seg komma dit. Det er enkelt å ta med både bestemor og babyen. Den spektakulære solnedgangen over havet lokkar mange folk ut. Fjøløy er ei utleigehytte, det betyr at den er låst med spesialnøkkel, og at du får heile hytta for deg sjølv, opplyser John Petter Nordbø i Stavanger Turistforening.
Vil du vita kva for hytter som er ledige i påska kan du sjekka lenka under.
https://www.stf.no/artikler/nyheter/27128-full-oversikt-disse-hyttene-er-ledige-i-pasken/