- Me blei heilt sjokka

Elevane i 6.klasse på Sentralskulen har plutseleg blitt «proffe» skodespelarar.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Oppsettinga startar utandørs. Her er dei middelalderske gjøglarane på veg inn. |Flinke skodespelarar konsentererar seg om oppgåva.|"lærarane" og kunstfagstudentane frå UiS. F.v. Benedikte Berg, Silje Helland og Lovisa Widen.|Gjøglarar slik det var i middelalderen i gater og torg i middelalderen.

FINNØY

: Det vesle me fekk sjå høyra på prøvespelinga var imponerande.,

Elevane på 6.trinn på Sentralskulen er i denne og neste veke skodespelarar på heiltid. Dei øver på framsyninga av påskespelet «Pasjonstidens mysterium»

Ingen tradisjonell undervisning eller lekser i to veker, men lange og innhaldsrike dagar med nye fag og nye lærarar.

Uvanleg skuledag

Kunstfagstudentar frå universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet har teke over undervisninga og lærer elevane om teater, musikk, dans og drama. Terping på engelske gloser er byta ut med terping på replikkar, stemmebruk og haldningar.

29. mars skal elevane i 6.klasse på Sentralskulen på Finnøy og Mosterøy framfø «Pasjonstidens mysterium» saman med kunststudentane i høvesvis Hesby kyrkje og Utstein Kloster. Det handlar om påskebodskapen og Jesu’ lidingshistorie.

Flinke skodespelarar konsentererar seg om oppgåva.

Målsettinga med oppsettinga er å skapa kulturelle opplevingar for born og unge i middelalderkyrkjene våre i pasjonstida før påske.

- Det er veldig kjekt å sjå korleis elevane har utvikla seg på den korta tida. Korleis dei har retta ryggen, heva hovudet og utvikla stemmen, fortel Benedikte Berg som er ein av kunstfagstudentane.

Og det var faktisk tydeleg at dei unge skodespelarane har gått i ein «god skule», sjølv om det berre er snakk om kort tid. Den vesle smakebiten me såg kunne like gjerne utspelt seg på barneteateret i byen.

Personleg utvikling

- I ei veke før jul blei elevane sett inn i handlinga og fekk godt kjennskap til tematikken. Desse to vekene jobbar me med sjølve framføringa. Elevane lagar sine eigne replikkar basert på det faktiske innhaldet. Det gjer at dei hugsar replikkane betre, det er lettare å leva seg inn i rollane og dei opplever ein større grad av eigarskap og meistring, seier Silje Helland, og veninna Lovisa Widen fortsett: Teater og drama er så mykje meir enn berre å stå på ei scene. Me ser korleis elevane i løpet av denne veka har «vekse». Me ser korleis sjølvtilliten bygg seg opp, kor mykje tryggare dei allereie har blitt. Eg tykkjer faget burde vore eit obligatorisk i grunnskulen. Det har så mykje å sei for utviklinga av den enkelte elev.

Gjøglarar slik dei operete i gater og torg i middelalderen.

Pasjon 22 har namn etter pasjonstida som symboliserer dei siste to vekene i fastetida og fram til påskaftan, til minne om Jesu liding og død. Det er stiftinga Pasjon som har teke initiativ til skuleprosjektet.

- Framsyninga tek utgangspunkt i påskefortellinga og inneheld ulike tema frå påskens dramaturgi, der   teater, musikk, song og dans er utgjer ein stor del av innhaldet, seier Kari Olene Oma Rønnes som leiar skuleprosjektet Pasjon 2022.

Takk til skulen

Kunstfagstudentane har bachelor i kunstfag og tek no ein eittårig praktisk-pedagogisk utdanning ved UiS. Prosjektet på Sentralskulen inngår som ein del av praksisopplæringa deira.

"Lærarane" og kunstfagstudentane frå UiS. F.v. Benedikte Berg, Silje Helland og Lovisa Widen.

- Heilt til slutt har me lyst å sei at me kjenner oss heldige som får ha praksisen vår her på Sentralskulen. Lærarane er hjelpsame, engasjerte og løysningsorienterte. Dei kjem med kaffi til oss og er interesserte i det me gjer. Det opplever ikkje alle studentane på sin praksisplass, seier studentane frå UiS.

«Pasjonstidens mysterium» vert vist både som skuleforestillingar og som opne forestillingar for familie og andre interesserte.