Eit teppe av mose og andre vekster blei rulla av fjellet i store flak. F.v: Arne Torgersen, Ole Klingsheim, Paul Arne Aano og Paul Aano. Foto: Else Jorunn Løland.

FOGN:

Dagsturhytta som har fått namnet Ørnareiret, etter ein namnekonkurranse i fjor haust, skal plasserast i nærleiken av Ørnakulå som er høgste punktet på Fogn, rundt 170 meter over havet. Ingen hytter skal settast opp høgare enn 40 meter over havet.,

Hytta skal plasserast på fjellgrunn og vil få vakker utiskt ovet Ryfylke. I går blei området reinska, slik at sjølve fjellet kom fram. Overflata blei rulla av i store flak med mose, røter ogdiverse vekster. Desse skal tilbake igjen når hytta er på plass. Neste steg i prosessen er å setta opp såkalla stolpeskor som hytta skal settast i , men det er ikkje dugnadsbasert arbeid. Turhytte-gjengen har eigne folk som gjer dette arbeidet på alle hyttene. Til slutt blir hyttemodulane flydd opp med helikopter.

Flott turmål

Dagsturhytteprosjektet starta i si tid i Sogn og Fjordane i 2016 og blei vidareført i Vestland fylke. Prosjektet har så langt vore ein stor suksess med høge besøkstal. Nå er arbeidet i full gang i Rogaland, og fleire stader er hyttene allerie på plass. Alle 23 kommunane har sagt ja til å setta opp ei dagsturhytte.

Plassering av dagsturhytta på Ørnakulå gjer at turmålet vil vera interessant for dei som ønskjer seg ein litt meir «krevjande» tur. Den andre hytta i kommunen skal plasserast på Hundvåg.