Målet er 40 prosent auke i avkastinga for bonden

Eit forskings- og utviklingsprosjekt, lokalisert på Finnøy, har som målsetting å auka verdiskapinga for bønder som driv med grovfôr frå eng med 40 prosent.

Publisert: Publisert:
Einar Vastveit har hatt god hjelp og støtte frå farfaren, Kjell Vastveit. -Farfar sitt gode navn og rykte har vore til stor hjelp, seier barnebarnet.

Av Rune Nedrebø

FINNØY: Det er 3. generasjon Vastveit, Einar Vastveit, som står bak bedrifta Agrosense, som har dette ambisiøse målet.

I fjor haust fekk prosjektet 13,2 millionar støtte frå Norsk Forskingsråd, etter å ha vunne konkurransen om inovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN).

Einar Vastveit starta bedrifta i 2019, mens han heldt på med bachelorgraden i ingeniørstudiet. Inovasjonsprosjektet er bare nokre månader på veg og har foreløpig ein treårs-horisont.

Men då kan det gå ytterlegare eit par år før opplegget for alvor er tatt i bruk i landbruket. I tillegg til støtta frå Forskingsrådet, må Einar og selskapet sjølv stille med 9 millionar kroner frå oppsparte midler og med lån i bank.

-Men trass i at prosjektet har eit stort budsjett, må eg vera svært forsiktig. Det er viktig for meg å skilja personleg økonomi og økonomien til prosjektet, så eg ser meg ikkje som ein millionær på nokon måte, seier Vastveit til Øyposten.

Både Sintef, Felleskjøpet og bønder med på laget og bidrar til prosjektet.

Enkelt forklart går prosjektet ut på å optimalisera grovfôr-produksjonen gjennom å kombinera ulike data frå jord og planter samla inn frå sensorar på den enkelte gard.

-Dette er eit verktøy der bonden skal eiga dataene og utstyret som trengs. Tanken er å gje bonden kunnskapen som trengs for å fiska, slik at han kan fiska sjølv, i staden for å gi han fisken, er biltetet Einar Vastveit brukar om prosjektet.

-Hensikten er at jorda i større grad skal bli driven etter sine eigne prinsipp, med mindre pløying og jordbearbeiding og mindre bruk av ugrasmiddel, seier 28-åringen frå Finnøy.

Einar Vastveit har ei tverrfagleg ingeniørgrad innan elektro, data og maskinkunnskap, og har installert seg med kontor i faren sin bedrift på Finnøy.

-Kjem dette til å bli stort og setja Finnøy på kartet?

-Dette må byggjast stein på stein. Finnøy er ein god plass å starta eit selskap, så vil tida visa om det er her det skal skje frå, seier han, og legg til at marknaden han ser føre seg er internasjonal.

−40 prosent av matjorda i verda er basert på grovfôr, i Norge er det 70 prosent, seier Einar Vastveit.

Det var og planen å søkja om EU-midlar til prosjektet, men det må venta til patentrettighetene er sikra.

Einar Vastveit er barnebarn til Kjell Vastveit, gründer og bonde frå Finnøy, og son av Kyrre Vastveit, dagleg leiar i Agromiljø, Finnøy-bedrifta som produserer gjødselutstyr til landbruket.

-Farfar sitt gode rykte og kontaktar har vore til god hjelp, seier Einar Vastveit, som også takkar venner og kjente for å ha bakka han opp på ein god måte.