Halsnøy og Reilstad billigast på drivstoff

Pumpeprisen på Judaberg er 3.62 kroner dyrare per liter bensin enn Joker Skartveit som akkurat no har den billigaste literprisen i Finnøy på 23.90 kroner.

  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Men marginane er små.

Me har ringa rundt til butikkaner i Finnøy for å sjekka pumperisane. På øyane er prisane mykje godt dei same, unntaket er Ombo som har leigd ut drifta av bensinpumpene til Sande Gård på Sola, og har såleis ingenting med prisane å gjera lenger. Dei ligg likevel godt under pumpeprisane på Judaberg.

Gode prisar på øyane

Generelt er drivstoffprisane på øyane, betydeleg billegare enn Judaberg. Unntaket er Ombo, me dei er likevel billegare enn Judaberg. Ein liter blyfri bensin 95 kostar 26.49 kroner på Ombo, og 23.99 kroner per liter for diesel.

Når det gjeld diesel ligg literprisen på Reilstad på 20.80 per liter, og går inn som den billigaste i distriktet. Til samanlikning er prisen på Judaberg 24.99 kroner, altså 4, 19 kroner dyrare per liter.

– Eg trur me er blant dei aller billigaste, det høyrer me frå kundane våre. Eg veit om fleire som fyller tanken når dei er her. Også mange båtfolk ringer for å sjekka bensinprisane før dei fyller, fortel Anita Ørnes ved Joker Skartveit.

Judaberg dyrast

Dette er drivstoffprisane per liter i Finnøy fredag 3.juni.

Judaberg:

Blyfri 95: 27.52 kroner

Diesel: 24.99 kroner

Reilstad:

Blyfri 95: 24.04 kroner

Diesel: 20.80 kroner

Skartveit:

Blyfri 95: 23.90 kroner

Diesel: 21.99 kroner

Ombo:

Blyfri 95: 26.49 kroner

Diesel: 23.99 kroner

Fogn:

Blyfri 95: 23.99 kroner

Diesel: 22.69 kroner

Helgøysund:

Blyfri 95: 23.99 kroner

Diesel: 22.99 kroner

Eriksholmen:

Har diverre ikkje lukkast få tak i tala.

Judaberg er desidert dyrast på drivstoff i Finnøy. Eg køyrer så lite at eg bryr meg ikkje , seier Anna Lindal Flesjå.