Dynamittsalvane i sjukeheimstomta går på helsa laus

Aslaug Ruud bur i omsorgsbudstad på Judaberg. Leilegheten hennar ligg klin i byggeplassen til den nye sjukeheimen. Det går utover livskvaliteten.

Trass i ein støyande kvardag med mykje ubehag, er Aslaug Ruud glad for at Finnøy snart får ny sjukeheim.
Publisert: Publisert:

FINNØY: På tre sider av leilegheita jobbast det, med graving, meisling og sprenging. Frå klokka 0700 om morgonen til arbeidsdagen er slutt, fem dagar i veka.

– Det er ikkje bra å bu opp i all denne støyen. Den sett seg i hovudet og gjer at eg liksom aldri fred. Det kverner heile tida og er svært ubehageleg, fortel Aslaug, som trass i ubehaget har godt humør og er positiv.

Bedet i byggeplassen

Det som ein gong var eit velstelt og koseleg utearealet kan Aslaug ikkje lenger bruka. Byggeplassen grensar heilt inntil tunet hennar på to av sidene.

– Eg plar alltid sei at eg har den finaste plassen her på området. Eg hadde ein fin liten hage mot friarealet og fin utsikt oppover. Å gå ute og «totla» med blommane har eg alltid likt, men sjå korleis det ser ut her no. I dag er det nok eg som har den verste plassen.

Eit anleggsgjerde mot nord er plassert eit stykke inni tunet hennar, framføre det eine bedet. Det gjer det umogleg å komma til for å luka og stella.

Øyreklokker

Inne i stova til Aslaug er det ingen problem å høyra arbeidet som føregår utanfor. Støyen er konstant, men endrar seg i styrke.

– Eg trudde aldri eg skulle oppleva dette på mine gamle dagar. Heldigvis at eg ikkje høyrer så godt, det gjer nok sitausjonen litt enklare. Problemet er at eg ikkje alltid høyrer den høge lyden som varslar sprenging. Når drønnet kjem og det singlar i veggene støkk eg ekstra fordi eg ikke er forebudd på lyden. Eg har fått øyreklokkar av ungane for å bruka når det er ekstra ille, men eg får ikkje til å bruka dei. Ungane er voldsomt greie og gjer alt dei kan for å redusera ubehaget for meg.

Friminutt på sjukeheimen

Aslaug har fått tilbod om å vera på sjukeheimen så ofte ho vil. Der er ikkje støyen så intens, og ho kjenner det er godt å få litt fred. Særleg er det godt å kvila hovudet.

– Eg er svært takksam for tilbodet frå sjukeheimen. Dei veit heller ikkje kva godt dei skal finna på for å gjera situasjonen lettare. Her får eg god mat og kan drøsa med andre. Det hjelper godt med eit slikt «korttidsopphald»

– Ser du mørkt på tida framover?

– Nei, eg gjer ikkje det. Dette er ingen sin feil og situasjonen er midlertidig, heldigvis. Eg veit me må gjennom denne perioden før ting blir betre. Alle forstår at ny sjukeheim ikkje blir til av seg sjølv, og at me må ta det som kjem, sjølv om det er fryktelig når det står på. Eg er berre så gald at Minni, dvergpuddelen min, slapp å oppleva dette. Ho døyde av alderdom i fjor 14 år gammal. Det hadde ikkje gått an å ha ho her slik som situasjonen er no. Ho pleidde å springa på friområdet rett utanfor døra, men det er jo ikkje lenger der. Ho hadde ikkje tolt dei svære drønna når det sprenges i fjellet. Til og med eg hopp i sofaen når det står på som verst, fortel Aslaug Ruud, som er på veg vekk frå støyen for ei lita stund. Ho skal drikka kaffi på sjukeheimen.