FINNØY: Maskinen kan laga sauer, englar, reinsdyr, hustavler og blomar, og mykje anna.

Når Roxana kjem på noko ho har lyst å laga, laster ho ned oppskrifta som er ei digital fil på pcen, trykker på knappane og printeren startar opp. Av ei stor finèrplate lagar printeren akkurat det den er programert til. Etterpå sett ho delane saman til ein figur, eller til eit namn eller eit bordkort eller til mest kva som helst.

Foto: Roxana bruker mange timar med printeren, og blir det i tida framover.

Ønskjer butikk

Heime på garden på Steinnes har dei innreda eit produksjonsrom. Her lagar dei alle tinga, og her står alt utstilt. Folk kan og komma innom for å kjøpa.

– Målet er å få til ein liten butikk, gjerne som eit slags gardsutsal. Det hadde vore kjekt med ein litt meir sentralt plassering. No marknadsfører me oss gjennom facebook og det fungerer fint, men er ikkje optimalt. Om ikkje altfor lenge får me eigen nettside, det vil hjelpa på, seier Roxana.

Superfine 3D-sauer. Foto: Oddbjørg Måland

For ei stund sidan la ho læraryrket bak seg, og driv med hobbyen så mykje ho kan.

– Me tykkjer det er kjempekjekt å kunne tilby eit slikt unikt handverk. Desse tinga får ein ikkje tak i andre stader. Det er mange som har eigne ønskjer og spør om me kan laga dei eine eller andre, og ofte kan me det. Rundt konfirmasjonstider er det stor etterspurnad etter bordkort, og gjerne med eit motiv som speglar konfirmanten. Eller julepynt, smiler Roxana og viser fram forskjellige juletre som du garantert ikkje får kjøpt i butikk.

På festivalar

– Går det an å leva av hobbyen?

– Ikkje nå, men kanskje om ei stund.

Saman med Jakob som er møbelsnekkar ser dei føre seg å driva hobbyen endå nokre hakk vidare. Han har «spesialisert» seg på å laga forskjellige ting i skifer, blant anna underlag for koppar og glas, såkalla coasters, med fotball-logoar på. Eller kva som helt motiv.

Desse blomane visnar aldri. Du kan bestilla dei i favorittfargen din. Foto: Oddbjørg Måland

– Eg har jobb utanom og snekrar litt andre større ting til dagleg. Men eg tykkjer det er kjempkjekt å halda på her og hjelper til så ofte eg kan, seier Jakob.

Dei to går ein travel sommar i møte. Det er mykje som skal lagast ferdig til forskjellige arrangement dei skal vera med på, blant anna Tomatfestivalen.